NRK vil nå unge med «Lykkeland»

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ifølgje Kampanje viser tal frå NRKs analyseavdeling at kringkastaren har hatt stor suksess med sine dramasatsingar på nett, med seriane «Heimebane» og «Side om side» som vinnarar.

Dette gjeld også yngre sjåarar: Ferske tal for september viser at i målgruppa 20–29 år er NRKs strøymeteneste no nesten like stor som NRK1 samla sett.

Fleire ser seriar på nett enn på lineær TV

Tidlegare NRK-tal har avslørt at blant sjåarar under 40 år, er det no fleire som ser dramaseriar på nett enn på klassisk lineær-TV.

No skal «Lykkeland» følgje opp strøymesuksessen: Dramasjefen trur serien om korleis Stavanger vart oljebyen vi kjenner i dag, vil ha ein merkbar effekt på NRKs strøymeteneste.

Malene Wadel i serien «Lykkeland». Ho spelar karakteren Torill, som jobbar på fiskehermetikkfabrikken, kjem frå ein strengt religiøs, frikyrkjeleg familie, og blir gravid med ein oljearbeidar som drar frå Stavanger. Foto: Petter Skafle Henriksen / Maipo / NRK

Les også: Filmmelding: «Grensen»

Viktig periode i Noregs historie

– «Lykkeland» er ei stor satsing, appellerer breitt og handlar om ein viktig periode i Noregs historie. Vi reknar med at det skaper interesse og omtale, og det er også ei dramasatsing vi trur fungerer godt på nett. «Lykkeland» har jo ein ung tematikk og unge skodespelarar, det er jo ikkje ein smal, eldre film, seier Køhn til Kampanje.

« Lykkeland » har TV-premiere 28. oktober. Det er ein dramaserie i åtte delar, laga av Maipo for NRK med eit budsjett på 96 millionar kroner.

Les også: Emmy-pris til Deeyah Khan for filmen der ho møtte «fienden»

Nyforlova Anna (Anne Regine Ellingsæter) og Christian (Amund Harboe, til høgre) med vennen Martin (Mads Sjøgård Pettersen) i NRKs nye storsatsing «Lykkeland». Foto: Petter Skafle Henriksen/Maipo/NRK