Grepstad skriv nytt om skriftkultur

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Boka «Skriftkultur. Tidssignal frå det 21. hundreåret» blir omtala som eit tidssignal frå det moderne Noreg om skrift, språk og minne. Forfattar Ottar Grepstad er tidlegare leiar av Nynorsk kultursentrum og har skrive eit tital bøker om språk, inkludert verk som «Viljen til språk» (2006), «Avisene som utvida Noreg» (2010) og «Historia om Ivar Aasen» (2013).

Ottar Grepstad. Foto: Bjørn Ivar Voll / NPK

I den nye boka er fortel han om korleis skrift blir brukt, kva skrifta gjer med lesaren og korleis skrifta formar samfunn. For det ligg ei kraft i språket, argumenterer forfattaren.

Les også: – Om vi skrur av språket, kva er att?

Viktig føresetnad for menneskeleg kultur

– Skrift skapar både fred, konflikt og nyvinning. Til sjuande og sist er det ein av dei viktigaste føresetnadane for at menneskeleg kultur i det heile kunne oppstå og utvikle seg, skriv Samlaget i ei pressemelding.

Grepstad utdjupar tidlegare tankar i den over 600 sider lange boka, men framom alt legg han fram nye synspunkt og kunnskapar om det mangslungne feltet som blir sameina i tittelen Skriftkultur, lovar forlaget.

Les også: Verdas enklaste alfabet