Vekas musikktips

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vekas nykomar

Farao (Kari Kamrud Jahnsen) har inntil nyleg vore ein ukjend artist for meg og er ikkje ein av dei som blir mest omtalt i dei store norske musikkmedia. Men i utlandet blir ho veldig godt tatt i mot og det med god grunn.

Etter første gjennomlytt av det nye albumet Pure-O er eg overbevist. Spesielt er det låta Truthsayer som fenger merksemda mi. Ei uforutsigbar poplåt med mange elektroniske element.

Etter første gjennomlytt av det nye albumet Pure-O er eg overbevist

Eg rekk aldri å kjede meg når eg høyrer på denne låta. Det kjem heile tida nye og spennande delar og element, utan at det blir for rotete. Når låta er ferdig, gjer det meg ingenting å høyre den igjen heller.

Sjølv om Farao, eller Kari Kamrud Jahnsen som ho heiter, blir rosa av internasjonale medium og reiser på verdsomspennande turnear, er det ikkje nødvendigvis berre enkelt å drive som musikar.

I eit intervju med Dagens Næringsliv seier ho at det eigentleg ikkje er mogleg å vere musikar i dag. Dessverre nok eit eksempel på at det ikkje alltid er dei mest talentfulle og dyktige som får moglegheit til å leve av musikken.

Farao, «Truthsayer»:

Les også: Den vesle bygda med det store rocksamfunnet

Vekas spådom

Robyn – Hang with me

Denne vekas spådom er kanskje meir eit personleg ønske om kva låt som skal sitte igjen om 20 år enn kva som faktisk kjem til å sitte igjen.

Men eg har likevel eit håp om at Robyn skal bli ein artist som vi fortsatt kjem til å lytte til i lang tid framover. Låta gir ein herleg følelse med sitt elektroniske og ganske enkle lydbilete. Sjølv om songen ikkje har eit veldig tydeleg klimaks, har den ein evne til å få lyttaren gira.

Låta gir ein herleg følelse med sitt elektroniske og ganske enkle lydbilete

Den svenske artisten har ein imponerande CV med fleire utgivingar enn dei aller fleste. Ho er også ein av dei popartistane som kanskje har vore innom flest sjangrar i løpet av karriera.

Eg sjølv oppdaga ho for alvor då ho samarbeida med den norske duoen Røyksopp. Frå det samarbeidet kom blant anna Do it again og Monument, som har nokre av dei same kvalitetane som Hang with me. Personleg er det denne utgåva av Robyn eg likar best.

Robyn, «Hang With me»:

Les også: Stjernekamp-vinnar Ella Marie er klar for Utkant

Vekas gæmlis

Don McLean – Vincent

Eg har lyst til å trekke fram Don McLean sin song Vincent. I denne songen kan du høyre ein måte å komponere på som eg fryktar er på veg ut med vår tids metodar for låtskriving.

Det er eit mykje større fokus på historiefortelling i denne tradisjonen enn det vi har i dag.

«Now I understand what you tried to say to me, how you suffered for your sanity, how you tried to set them free»

I tillegg er det melodiske biletet mykje rikare og større her enn i dagens låtar. Songen er i frå albumet American Pie, som er det andre albumet til artisten.

Mitt første møte med denne songen var gjennom artisten James Blake. Om den originale versjonen til McLean ikkje treff deg heilt, kan det fortsatt vere verdt forsøket å høyre denne versjonen. Ein litt meir alternativ variant med eit moderne og noko utfordrande lydbilete.

Don McLean sin «Vincent» (Starry starry night) er skrive til Vincent Van Gogh. Tittelen i låta er ein referanse til Van Goghs måleri med same namn: «Starry Night». Du kan høyre songen her:

Les også: Finn samhald i songen