Stjernekamp-vinnar Ella Marie Hætta Isaksen er klar for Utkant

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka er først publisert i Nordhordland.

– Isak har vore klar for Utkant lenge og er booka uavhengig av suksessen i årets Stjernekamp, seier festivalsjef Viggo Randal i ei pressemelding, som likevel ikkje legg skjul på at han følgde innspurten i NRK-programmet ekstra spent i år.

Etter ni rundar på laurdags-tv, vart Ella Marie Hætta Isaksen krona som vinnar av årets Stjernekamp på NRK. Programmet har nådd tett på ein million sjåarar kvar helg og den spanande finalen vippa til slutt i Ella Marie sin favør.

Les også: Det er mange måtar å vere samisk på

Fekk auga opp etter framføring av «Elle»

– Eg trur mange med meg fekk auga opp for dette fantastiske bandet etter den magiske framføringa dei gjorde av Mari Boine si låt, «Elle», under årets Spellemann. Dessutan har det vore vanskeleg å ikkje legge merke til dei når postadressa mi det siste året har vore i Finnmark, fortset Randal.

Festivalsjefen fortel at gjengen i Utkant har jobba med booking meir eller mindre sidan dei pakka ned årets festival. Nokre store namn er allereie klare og dei reknar med å lande fleire gode bookingar i vekene som kjem.

– Me kan allereie no love eit skikkeleg stjerneslepp 1. desember.

Utkant vert arrangert for trettande gong i 2019 og finn tradisjonen tru stad på Skjerjehamn siste helga i juli, altså 25.–27. juli 2019.

Les også: Stjernekamp-Ella: Å skrive musikk var det som hjalp