Unge skapte valsjokk i Storbritannia

Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 22.08.2017 10:08

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Før parlamentsvalet i Storbritannia 8. juni skreiv Framtida.no at opposisjonspartiet Labour og deira leiar Jeremy Corbyn «tapar valet, men vinn ungdomen». Det var spådd at venstresidepartiet ville mobilisera rekordmange unge veljarar ved valet.

No har me fasiten, i form av den omfattande valundersøkina til Ipsos Mori: 54 prosent av britane mellom 18 og 24 år brukte røysteretten sin, og 60 prosent av dei røysta Labour.

Avisa The Guardian omtalar undersøkinga i dag, og kallar utfallet eit «youthquake».

Labour-leiaren Jeremy Corbyn (68). Foto: Andy Miah / Flickr / CC BY-NC

Ved sist parlamentsval i 2015 røysta berre 43 prosent av dei yngste veljarane, og 43 prosent av dei røysta Labour. At så mange unge brukte røysteretten bidrog til sjokkresultatet der Det konservative partiet mista fleirtalet sitt i parlamentet.

Toryane blei likevel det klart største partiet, og Theresa May har blitt sitjande som statsminister.

Største gap sidan 70-talet

Valundersøkinga viser vidare at Labour gjekk fram og fekk klart fleirtal blant dei litt eldre veljarane, opp til 44 år. Samstundes hadde det konservative partiet til statsminister Theresa May stor framgang blant eldre veljarar.

Ifølgje The Guardian har det ikkje vore større aldersgap mellom veljargruppene til dei to partia sidan 1970-talet.

Sjølv om mange fleire unge røysta enn ved sist val, og sjølv om valdeltakinga gjekk litt ned blant dei over 55, var det også denne gongen dei eldre veljarane som var desidert flinkast til å møta opp til vallokalet. Den samla valdeltakinga var på 68,7 prosent.

Klasse mindre viktig

Theresa May frå Det konservative partiet får halda fram som statsminister – i alle fall ei stund til. Foto: Jessica Taylor / UK Parliament

Samstundes som generasjon har blitt ei viktigare konfliktline i britisk politikk, har sosial klasse blitt mindre viktig:

Sjølv om Labour framleis står sterkast blant veljarar frå arbeidarklassen, hadde dei størst framgang i dei mest velståande veljargruppene. For Det konservative partiet var det motsett; dei gjorde det som vanleg best blant dei rikaste, men gjekk mest fram blant arbeidarklassen. Skilja mellom korleis folk frå ulike klassar røystar har slik blitt vesentleg mindre.

Ei anna analyse av valresultata viser den same trenden: Jo fleire veljarar frå arbeidarklassen det er i eit område, desto fleire veljarar har gått til dei konservative. Forskar Daniel Allington skriv i New Statesman at Labour i aukande grad har blitt partiet for høgt utdanna middelklassefolk, særleg det han kallar «sosialisme-fans».

Brexit

Skifta i korleis folk røystar følgjer i stor grad mønsteret frå folkerøystinga om EU-medlemskap i 2016:

Dei konservative har vunne fram blant dei som støtta Brexit (mange eldre veljarar på landsbygda), medan dei som ville bli verande i EU (særleg yngre veljarar i byane med høgare utdanning) har gått til Labour.

Meir om valresultatet: 13 ting du bør vita om det britiske valet