Bragenominert for sterk roman om overgrep

28 år gamle Maria Kjos Fonn er blant dei nominerte til Brageprisen i år for sin kritikarroste roman «Kinderwhore».

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Mange har skrive godt om at det er for jævlig å vere ung. Men få har gjort det betre enn Maria Kjos Fonn, skreiv VG om «Kinderwhore» og kasta terningkast fem.

Aftenposten meiner Kjos Fonn med sin «djerve roman» om overgrep løftar arven etter Herborg Wassmo.

Boka er Maria Kjos Fonns andre. For den første – novellesamlinga «Dette har jeg aldri fortalt til noen» – fekk ho Aschehougs debutantpris i 2014 og vart også nominert til Tarjei Vesaas’ debutantpris.

Les også: Kva åt Sigrid Undset og Marilyn Monroe helst til middag?

Delt ut sidan 1992

Nominasjonane til Brageprisen vart klare torsdag, og i klassen for skjønnlitteratur er også Trude Marstein nominert for romanen «Så mye hadde jeg», Tore Kvæven for si bok frå Grønland under vikingtida – «Når landet mørknar» og Gunnar Wærness for diktsamlinga «Venn med alle».

Brageprisen har vore delt ut kvart år sidan 1992 og er ein av Noregs viktigaste litterære prisar. Den blir delt ut av Stiftelsen Den norske Bokprisen og har som mål å heidre gode norske forfattarskap og skape interesse for norsk litteratur.

Les også: – Eg har liksom alltid tenkt at eg skal ut men at eg skal heimatt

Forfattarbiografiar

I tillegg til skjønnlitteratur blir prisen delt ut for barne- og ungdomsbøker, sakprosa og ein open klasse, som i år er populærvitskap for vaksne og barn/ungdom.

I klassen sakprosa er to forfattarbiografiar nominerte. Arild Bye er nominert for sin biografi om Arne Paasche Aasen og Peter Normann Waage for biografien om André Bjerke. I denne klassen er også Helene Uri nominert for «Hvem sa hva?» og Ingeborg Eliassen og Sven Egil Omdal for «Borgerlønn».

I den opne klassen er det nominert bøker både om klima og miljø, menneskegrunnstoff, insekt og om livets første mysterium.

I klassen barne- og ungdomsbøkene er forfattarane Anna Fiske, Kaia Dahle Nyhus, Kristin Roskifte og Arne Svingen nominerte.

Les også: Bjørn Hatterud stod fram som homo på 20-årsdagen