Kva åt Sigrid Undset og Marilyn Monroe helst til middag?

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Boka «Kvinnfolk. Fantastisk mat til verdensberømte damer» er resultatet av eit prosjekt som matstylist Marianne Pfeffer Gjengedal og fotograf Klaudia Iga Pérès står bak.

Bokomslag: Forlaget Gyldendal

Kunstkokebok

Dei to har i seks år jobba med prosjektet der dei har fotografert seg sjølv utkledd som 14 internasjonale, ikoniske kvinner og laga maten som dei trur passa til kvinna og tida ho levde i. Det er blitt til ei kunstkokebok der dei hyller desse kvinnene.

– Vi har plukka ut kvinner vi begge er fascinerte av, og som kan likne oss utsjånadsmessig. Vi har beundra det dei har fått til eller elska estetikken, epoken og kulturen dei representerer. I utvalet har vi lagt vekt på geografisk spreiing. Vi har studert stilartar, lys, portrett, biografiar og sjølvsagt maten dei åt, så langt det har vore mogleg. Vi har også prøvd å gjenskape fragment av miljøa deira og har vore veldig nøye med å finne tidsriktige kostyme og rekvisittar, fortel Marianne Pfeffer Gjengedal til Nynorsk pressekontor.

Vi får høyre om ambisjonar dei fjorten damene hadde, om viljestyrken og tida dei levde i. Det var varierte liv dei levde, tøffe lagnader og sterke val.

– Dette var tøffe kvinner, mange kom seg på toppen av verda trass i ein fattig barndom og ei tid då kvinner ikkje hadde stemmerett. Pågangsmotet og utfordringane deira har sett våre eigne liv i perspektiv og gitt oss styrke, matlyst og livsglede som vi no deler med dykk, seier Gjengedal.

Les også: Kven vil vi hugse om 1000 år?

Matfotograf Klaudia Iga Pérès (til venstre) og matstylist Marianne Pfeffer Gjengedal utkledde i rokokkostil. Dei har prøvd å gjenskape ikoniske damer i verdshistoria og maten desse damene kan ha ete i praktboka «Kvinnfolk. Fantastisk mat til verdensberømte damer». Foto frå boka: Klaudia Iga Pérès

Grensesprengjande kvinnfolk

Dei har portrettert dronning Marie Antoinette, forfattar Jane Austen, kunstnar Oda Krohg, forfattar Sigrid Undset, ballettdansar Anna Pavlovna Pavlova, motedesignar Coco Chanel , Mary Poppins-forfattar Pamela Lyndon Travers, forfattar Astrid Lindgren, kunstnar Frida Kahlo, tv-kokk og kokebokforfattar Julia Child, skodespelar, modell og songar Marilyn Monroe, skodespelar og kokebokforfattar Sophia Loren, antropolog Liza Crihfield Dalby og musikar og skodespelar Björk Gudmundsdóttir.

Desse kvinnene har opp gjennom historia flytta grenser gjennom kunsten sin og det livet dei levde, og slik brøyta veg for dei som kom etter. Men sjølv om dei vart kjende og legendariske er det lett å gløyme at dei hadde kvardagar som oss andre. Dei har ete frukost og middag, og teke seg kaffipausar. Nokre tente sjølv til livsopphaldet, andre blei forsørgde. Nokre stod sjølv ved grytene og laga mat, andre hadde kokke. Alle hadde matfavorittar, men alt som hamna på bordet var truleg prega av miljøet rundt dei. Vi får vere med inn og smake litt på liva deira.

Frukostsmoothie etter inspirasjon frå Marilyn Monroe. Marilyn Monroe før frukost er her spelt av Klaudia Iga Pérès. Foto frå boka: Klaudia Iga Pérès

Norske innslag

– Sigrid Undset er eit spennande kvinnfolk som kan ha ete det meste. I oppveksten hadde familien dårleg råd, så det var mykje brød og graut. Men på Europa-reiser som vaksen åt ho sikkert spennande mat og under andre verdskrigen då ho var i New York, smakte ho nok amerikansk mat, fortel Gjengedal.

Undset er blitt skildra som ei dame som kunne fryde seg med sigarettar, snaps og kollegaer til langt på morgonkvisten. Ho elska kaffi og kunne drikke det til langt på natt når ho heldt på med skriveria sine.

På menyen hennar i boka står det norsk mat som havregraut, vassgraut, rømmegraut, kokekaffi, brød og heimelaga smør.

Eit lite ostefat slik kunstnarbohem Oda Krohg kunne ha servert det til vennene sine.
Foto frå boka: Klaudia Iga Pérès

Den andre norske kvinna som har fått plass i boka er kunstnarbohemen Oda Krohg. Ho vart fødd inn i ein velståande familie med røter i embetsmannsstanden og den russiske tsarfamilien. Det er blitt danna eit bilete av henne som ei mytisk, sterk og sjølvstendig kvinne. Og det går an å sjå henne føre seg i røykfylte kunstnarbuler i Paris eller Berlin med absint, cocktailar, fat med franske ostar, kastanjenøtter og annan snacks på bordet medan samtalen går heftig. Maten hennar i «Kvinnfolk» er småretter inspirert av franske råvarer som passar i uformelt lag.

Skodespelaren, modellen og songaren Marilyn Monroe blei fortalt at ho hadde norsk far, og det står også på fødselsattesten hennar. Det kan iallfall vere artig for oss nordmenn å innbille oss at ei så kjend dame som henne hadde norske anar. Men kva åt denne ettertrakta, sexy dama?

– Til maten til Marilyn Monroe fann eg inspirasjon i mangfaldige frukostscener i amerikanske filmar. Når eg ser henne føre meg, ser eg nemleg ei dame med lyse krøller i ei stor seng. Eg får lyst å servere henne frukost: amerikanske pannekaker med lønnesirup, smør og bacon etc. Marilyn var ingen stor kokk, men ho ville halde seg i form og ha kontroll på kva ho åt. Til frukost åt ho rå egg i varm mjølk. Til middag åt ho gjerne masse grønsaker og litt steikt kjøt, fortel Gjengedal.

På menyen hennar i boka får vi servert granola, amerikanske pannekaker, mysli, frukostmuffins, frukostsmoothie, cashewsmør og omelett i brød.

Yorkshire-pudding fann britane opp allereie på 1700-talet og stod truleg også på middagsbordet hos Jane Austen.
Foto frå boka: Klaudia Iga Pérès

Søtt og salt

«Kvinnfolk» inneheld over hundre oppskrifter på mat og drikke frå 1700-talet og fram til i dag. Dei gamle oppskriftene er skrivne om til dagens ingrediensar og det har vore eit mål å ha variasjon frå frukost til festmat.

Vi får til dømes servert blåbærsuppe av Astrid Lindgren, pizza av Sophia Loren, Yorkshire-pudding av Jane Austen, makronar med sjokoladekrem av Marie Antoinette, rosinlikør av Frida Kahlo, grove fiskeburgarar av Björk Gudmundsdóttir og mykje, mykje meir av både søtt og salt.