Sonja Henie var isens dronning

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Historia om Sonja Henie (1912–69) er som eit eventyr. Ho byrja å gå på skøyter allereie som seksåring i Oslo Skøiteklubb. Far hennar Wilhelm Henie var sjølv forretningsmann og idrettsutøvar og vart difor både trenaren og manageren hennar.

Som 11-åring i 1924 deltok Sonja Henie i det første OL-et sitt. Ho kom sist. Men i neste OL i 1928 – som 15-åring – tok ho gull. Den gjævaste medaljen vart det òg i OL i 1932 og 1936.

Sonja Henie vart også verdsmeister ti gongar på rad og er den mestvinnande kunstløparen gjennom tidene.

I 1936 vart ho profesjonell og byrja livet som stjerne i Hollywood.

– Eg hadde alltid lyst til å ta opp ein skøytefilm når eg var ferdig med konkurransar. Eg likar det forferdeleg godt og synest det er morosamt, sa ho i eit intervju med NRK då ho var ein tur heimom Noreg i 1936.

Les også: Kan eigne filmprisar for casting løfte fram kvinner i filmbransjen?

Glamorøs

På slutten av 1930-talet var ho ei av dei beste betalte filmskodespelarane i verda.

Ho fekk utbetalt 125.000 dollar – omtrent 4 millionar dollar i dagens dollarverdi – for kvar hovudrolle, og med inntektene sine frå film og isshow, vart ho snart ei av USAs rikaste kvinner.

Filmplakat for filmen «Happy landing» frå 1938. Foto: Twentieth Century-Fox

Mellom 1936 og 1948 spelte ho inn ei rekkje filmar – blant dei One in a Million (Isens dronning, 1936) og Thin Ice (På glattisen, 1937).

– Ho vart kjent for den glamorøse livsstilen sin og eit ytre som glitra: Ho var stadig å sjå med gull, diamantar, perler og flotte pelsar, skriv Henie Onstad-senteret på nettsidene sine.

Første juledag er det noregspremiere på regissør Anne Sewitsky sin storfilm med Ine Marie Wilmann i hovudrolla:

Amerikanaren Sonja

I 1941 vart Sonja Henie amerikansk statsborgar.

Samtidig med karrieren sin i Hollywood heldt Sonja Henie fram på isen. Ho heldt påkosta isshow på kjende arenaer både i USA, Canada og Europa.

Kunstløparen Sonja Henie kjem heim. Her på toppen av flytrappa i 1939. Foto: NTB scanpix / NPK

Etter den tyske okkupasjonen av Noreg avviste ho oppfordringar om å bidra til krigsinnsatsen, så lenge USA ikkje var med i krigen. Ho viste til at ho hadde vorte amerikansk statsborgar. Dette vart hengande ved henne resten av livet.

I 1953 kom showet til Noreg og Jordal Amfi. På tribunen sat blant andre kronprinsfamilien. Det blir sagt at Sonja Henie var så nervøs over kva mottaking ho kom til å få, at ho skalv før ho skulle inn på isen.

Noreg tok jublande imot si isdronning, som då hadde vorte 41 år. På 33 framsyningar såg over 350.000 menneske Sonjas show.

Trass i at alderen kravde sitt – Sonja klarte ikkje å hoppe like høgt lenger, formen var på veg ned og alkoholinntaket vart stadig høgare – nekta ho å gi seg og heldt fram med isshowa sine. Under ei framsyning i Rio de Janeiro var ho så påverka at ho datt på isen og vart pipen ut av publikum.

Opninga av Henie Onstad Kunstsenter i 1969. Sonja Henie viser kong Olav rundt i samlinga. Foto: NTB scanpix / NPK

Kunstsamlar

Sonja Henie var gift tre gonger, siste gongen med skipsreiar og kunstsamlar Niels Onstad. Dei to gifta seg i 1956, og då byrja ein ny karriere for Sonja. Ho fekk mange kunstvenner og bygde etter kvart opp ei stor kunstsamling.

Ekteparet Sonja Henie og Niels Onstad fotografert i 1961 då dei oppretta ei stifting for å etablere eit moderne kunstmuseum. Foto: NTB scanpix / NPK

– Eg er glad i moderne ting. Plysjmøblar og sånn er passé, synest eg, sa Sonja Henie i eit intervju gjort til NRK i 1963.

I 1968 vart Henie Onstad Kunstsenter opna av kong Olav. Ekteparet hadde gjennom ein stifting fått bygd museet som inneheld Henie og Onstads kunstsamling, og som i dag er eitt av dei leiande kunstmusea i landet. Det rommar også Sonja Henies omfattande premiesamling på 600 enkeltgjenstandar.

Sonja Henie døydde av leukemi 12. oktober 1969 på flyet frå Paris og Oslo. Venner fortel at ho gjekk på skøyter nesten til det siste. Heime i USA drog ho kvar morgon til ein skøytehall og gjekk eit par timar på isen.

Ine Marie Wilmann har hovudrolan som den største kunstløparen gjennom tidene, Sonja Henie, i spelefilmen «Sonja» som har premiere 25. desember. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

Fan av Sonja

I filmen «Sonja», som kjem på norske kinoar 1. juledag, blir Sonja Henie spelt av Ine Marie Wilmann. Ho seier til NTB at ho er ein stor fan av Sonja Henie, ei beundring som berre har styrkt seg gjennom filminnspelinga.

– No gler eg meg til å dele Sonja med fleire og vise verda at det ikkje berre er skjeggete krigsheltar som trekkjer publikum, sa Wilmann då filmen hadde pressedag i førre veke.

Regien er ved Anne Sewitsky.

– Det var gøy å sjå på ein så unorsk karakter som Sonja Henie, og kva som skjer når du har ofra heile livet for å oppnå målet, utan å lære å takle livet elles, seier regissøren.

Skodespelar Ine Marie Wilmann fekk rolla som Sonja Henie allereie før ho fekk eit etablert skodespelarnamn. Her er rollebesettarane sine beste tips til dei som drøymer om si livs rolle!

Tittelrolla til storfilmen om Sonja Henie var klar allereie før Ine Marie Wilmann vart eit etablert skodespelarnamn. Medan filmen venta på finansiering har ho rukke å spela inn filmen «De nærmeste» med Anne Sewitsky, som òg har regissert «Sonja». Foto: José Haro, Maipo Film

Tittelrolla til storfilmen om Sonja Henie var klar allereie før Ine Marie Wilmann vart eit etablert skodespelarnamn. Medan filmen venta på finansiering har ho rukke å spela inn filmen «De nærmeste» med Anne Sewitsky, som òg har regissert «Sonja». Foto: José Haro, Maipo Film