Kanskje siste gong vi stiller klokka til vintertid

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den mørke tida av året er definitivt over oss igjen her i Noreg. Klokka 03 natt til søndag skal vi skru klokka éin time bakover – mot sommaren. Effekten er at det blir litt lysare om morgonen, men fortare mørkt om ettermiddagen.

– Natt til søndag får alle éin time ekstra. Denne timen bør alle bruke godt, det kan nemleg bli siste gongen du får denne sjansen, seier tidsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) i ei fråsegn frå Nærings- og fiskeridepartementet.

Tradisjonen med å veksle mellom sommartid og vintertid går tilbake til første og andre verdskrigen og oljekrisa på 1970-talet. Den gongen vart vekslinga innført for å spare energi.

Les også: Kvifor har me sommartid?

Ikkje relevant

Men i EU og på fleire andre hald er det mange som no tar til orde for å fjerne heile ordninga. Ei meiningsmåling viste at 84 prosent av 4,6 millionar spurde i EU vil avskaffe heile ordninga.

– Nyare forsking viser at energisparinga i våre dagar er marginal, uttalte EUs energikommissær Maros Sefcovic i september.

Han meiner ordninga har mista mykje av sin relevans.

Les også: EU-kommisjonen vil ha sommartid året rundt

Sommartid året rundt

– Det bør vere sommartid året rundt, sa EU-kommisjonens president Jean-Claude Juncker etter målinga.

Det er meininga at EU skal innføre skiftet allereie frå hausten 2019, men dei har presisert at det vil vere opp til kvart enkelt medlemsland å følgje etter.

Forslaget er sendt frå EU-kommisjonen til EU-parlamentet for behandling. Kommisjonen foreslår at forslaget skal tre i kraft innan 1. april 2019. Dersom resultatet blir at sommartid blir normaltid, stiller vi klokka siste gong 31. mars 2019. Blir det vintertid som normaltid, stiller vi klokka siste gong 27. oktober 2019.

Les også: Kampen om sommartida

– Spennande

Noreg har hatt same tidsordning som EU-landa sidan 1996. Norske styresmakter har uttalt at dei ikkje har tatt noko standpunkt i saka, men vil følgje etter EU i dette spørsmålet. Om det då ligg an til å bli sommartid eller vintertid som skal innførast permanent, er ikkje avklart.

– Det blir spennande å sjå kva EU landar på. No skal vi også vurdere det. Uansett vil dette påverke oss. Noreg er avhengig av handel med andre EU-land, og det er generelt ein fordel for næringslivet at vi har same tid som nabolanda, seier Røe Isaksen.

Bør vi framleis ha vintertid og sommartid?

Bør vi framleis ha vintertid og sommartid?

Nei, avskaff ordninga. 463
Ja, behald ordninga.458
Eg bryr meg ikkje.51
Innfør hausttid og vårtid!19
Svar totalt: 991