EU-kommisjonen vil ha sommartid året rundt

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Folk ønsker at vi gjer det, seier Juncker eit intervju med tyske ZDF.

Meir enn 80 prosent av dei spurde i ei omfattande EU-spørjeundersøkinga seier dei ikkje vil stille klokka to gonger i året, skreiv den tyske avisa Westfalenpost onsdag. Undersøkinga vart gjennomført frå juli til august. Over 4,6 millionar personar svarte, noko som er rekord for ei undersøking frå EU. Men over tre millionar av svara kom frå Tyskland.

Medlemslanda avgjer

Tysdag uttalte ein talsperson for EU-kommisjonen at dei skulle gå gjennom undersøkinga internt før dei seier noko offentleg.

Jean-Claude Juncker, president for EU-kommisjonen. Foto: EPP/Flickr/CC-lisens.

EU-kommisjonen skal seinare fredag legge fram forslaget, opplyser Juncker.

– Mi anbefaling er at dersom ein spør borgarane om noko, så må ein gjere det borgarane seier. Vi skal fatte ei avgjerd i dag, og deretter vil det vere opp til medlemslanda og EU-parlamentet, seier Juncker.

LES OGSÅ: Kampen om sommartida

Over hundre år gamal ordning

EU-parlamentet og regjeringane i medlemslanda har det avgjerande ordet i saka.

Direktivet om sommartid tredde i kraft i 2001 og fastset felles dato og klokkeslett for det halvårlege skiftet til sommartid i heile EU.

Ordninga med sommartid har likevel lengre fartstid. Den vart i sin tid innført for å spare energi under første verdskrigen. Noreg fekk sommartid for første gong i 1916.

LES OGSÅ: Kvifor har me sommartid?