Bergen FpU vil forby kjønnsskifte

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Kjønn er noko ein er og som ein ikkje kan bytte, seier styremedlem i Bergen FpU, Kjartan Moi Andreassen, til NRK.

Han føreslo sjølv resolusjonen som vart vedteken av Bergen FpU med to stemmer overvekt.

Noregs største FpU-lokallag seier òg nei til eit tredje juridisk kjønn.

– Slik eg ser det er det veldig enkelt – ein er mann eller kvinne. Om ein sjølv skulle ønskje at ein var noko anna, så er det slik at ein ikkje alltid får det slik som ein vil her i livet. Eg meiner at ein tredje kjønnskategori berre er tull, seier Moi Andreassen til NRK.

Les innlegget frå Luca Dalen Espseth: – Snakk med oss, ikkje om oss

Hordaland FpU seier nei

Lokallaget vil ha saka opp på FpU sitt landsmøte, men møter motstand frå Hordaland FpU. Søndag vedtok dei å avvisa forslaget frå Bergen FpU.

Fylkesformann i Hordaland FpU, Martin Virkesdal Jonsterhaug, fortel til NRK at forslaget strider mot ungdomspartiet sin nasjonale kjønnspolitikk.

Heller ikkje leiar i Bergen FpU, Markus Endresen Thorstensen, er einig i forslaget.

Nasjonalt har FpU vore for eit tredje kjønnsalternativ sidan 2013 og går no inn for å fjerne juridisk kjønn.

Les også: Ungdomspartia: – Kampen for tredje kjønn er ikkje over

Trump vurderer å fjerna transkjønn

På Twitter reagerer fleire brukarar på vedtaket frå FpU.

Fleire trekker òg linjer til USA, der Trump-administrasjonen ifølgje The New York Times vurderer å definera kjønn som ein biologisk og uforanderleg tilstand som vert bestemt av medfødt kjønnsorgan.

Ei slik endring betyr ei reversering av Obama-administrasjonen si utviding av kjønnsdefinisjonane slik at det estimerte talet på 1,4 transkjønna amerikanarar må definera seg som anten mann eller kvinne.

Ei slik endring vil bety ei reversering av lover som freistar å verna transkjønna mot diskrimminering på bakgrunn av sin kjønnsidentitet, mellom anna i helsevesenet.

I fjor tydde den amerikanske presidenten til Twitter for å forby transkjønna frå militæret.

Forbodet vart ikkje like omfattande som først varsla, men tidlegare i år skreiv Trump under eit notat som inneber at transkjønna som skal eller har teke kjønnskorrigerande operasjonar ikkje får tjena i militæret, med unnatak av enkelte særskiltsaker.