Ungdomspartia: – Kampen for innføring av eit tredje kjønn ikkje er over

Åsmund H. Eikenes
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Kampen for eit tredje kjønn er ikkje over

Eit stortingsfleirtal med Høgre, Frp, KrF og Senterpartiet seier nei til forslaget om å greie ut om eit tredje kjønn. Dermed får ikkje forslaget til Ap fleirtal, skriv Dagen.

LHBT-organisasjonane sa forrige veke innføring av eit tredje kjønnsalternativ kan redde liv.

Pernille Sivertsen, leiar i Skeiv Ungdom, synest det er synd at stortingsfleirtalet stemmer mot Ap sitt forslag. Ungdomsorganisasjonen representerer mange i den aktuelle gruppa og meiner at det er behov for et tredje juridisk kjønnsalternativ i Norge.

– At Regjeringa og stortingsfleritalet seier nei til meir kunnskap på feltet er skuffande, men diverre ikkje overraskande, skriv ho i ein epost til Framtida.no.

KrFU: – Open for utgreiing
KrF-leiar Knut Arild Hareide har vore tydeleg på at det ikkje er aktuelt for KrF å gå inn for eit tredje kjønnsalternativ, så KrFU-leiar Ida Lindtveit er ikkje overraska over at forslaget ikkje får KrF si stemme.

– Sjølv meiner eg ein burde vere open for ei utgreiing av eit tredje kjønnsalternativ, skriv Lindtveit.

Fram mot stortingsvalet vil ungdomspartiet diskutere saka med KrF der det er naturleg.

– Eg meiner at det er viktig at menneske som ikkje kan definere seg i dei to kjønnskategoriane vi har, vert møtt med respekt og at vi politisk sikrar tiltak som kan gjere situasjonen deira betre, seier ho.

Unge Høgre og FpU: Vil at moderpartia skal snu
Unge Høgre-leiar Kristian Tonning Riise er heller ikkje overraska.

– Eg skulle ønske at Høgre hadde vore modige nok til å gjere noko med dette i denne stortingsperioden, skriv han i ein epost.

Han understrekar at ungdomspartiet kjem til å arbeide for at Høgre skal snu i saka.

– Eg ser ingen gode argument for å vere imot det, endå mindre for å vere imot ei utgreiing, seier Tonning Riise.

FpU-leiar Bjørn-Kristian Svendsrud skriv at ungdomspartiet har vore for eit tredje kjønnsalternativ sidan hausten 2013, og at dei kjem til å fronte denne politikken fram mot stortingsvalet i 2017.

Han understrekar at saka ikkje er ferdig behandla i Stortinget, og at det er for tidleg å endeleg konkludere med kva partia kjem til å stemme.

– Eg hadde håpa at FrP ville stemt for forslaget om å utgreie om det er mogleg å få til eit tredje kjønnsalternativ, skriv Svendsrud.

Senterungdommen: – Vent til landsmøtet
Leiar i Senterungdommen, Ada Arnstad, skriv til Framtida at Senterpartiet si stortingsgruppe seier nei til forslaget fordi partiet skal ta standpunkt til forslaget på landsmøtet seinare i vår.

– Senterungdommen er forkjemparar for å innføre eit tredje kjønnsalternativ. Den kampen tar vi på landsmøtet neste månad og har stor tru på at vi får gjennomslag, seier ho.

I haust gjekk ungdomspartiet sitt landsmøte inn for å innføra eit tredje kjønnsalternativ. Då sa Stortingsrepresentant for Senterpartiet, Jenny Klinge, at «kan hende er det ei sak som må modnast over tid.»

– Det er eit tiltak som nærast ikkje påverkar dei det ikkje gjeld, men har enorm betydning for dei det gjeld. Difor vil vi løfte denne saka, seier Arnstad.

LES OGSÅ: – Innføring av tredje kjønn kan redde liv