Filmmelding: Velkommen til Utøya

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fredag 19. oktober er det klart for ordinær kinopremiere på Rekonstruksjon Utøya i både Noreg og Sverige.

Filmen er regissert av svenske Carl Javér. Han har gitt fire ungdommar eit stort, svart rom til å rekonstruera dei grufulle hendingane dei var vitne til på Utøya 22. juli 2011.

Det fysiske rommet har vorte samanlikna med Lars von Triers Dogville. Og grepet med å la augevitne instruere skodespelarar er tidlegare brukt i dokumentarfilmen The Act of Killing, som fortel om grufulle handlingar frå gjerningsmannen sitt perspektiv.

– Eg var sjølv på Utøya då eg var ung, og dette er den einaste filmen om Utøya eg kjem til å sjå, sa ein person i salen etter å ha sett Rekonstruksjon Utøya på Fritt Ord sin førpremiere og påfølgjande debatt i Oslo.

Fleire meldarar har allereie lovprisa filmen og sagt det same – at dette er den viktigaste filmen om terroråtaka på Utøya 2011.

Les også: Solveig (17) har blanda følelsar for Amanda-nominasjon

Fleire filmar som tek for seg hendinga

2018 er året for filmar som tek føre seg hendingane 22. juli.

Det starta med Erik Poppe sin Utøya 22. juli, som hadde Noregspremiere i mars.

Denne månaden er det premiere både på den svensk-norske produksjonen Rekonstruksjon Utøya og den amerikanske Netflix-filmen 22 July.

Sistnemnde tek utgangspunkt i Åsne Seierstad si bok En av oss, men er skrive og regissert av Paul Greengrass, som tidlegare har laga United 93 om eitt av flya som vart kapra 11. september.

Trailer til Netflix-filmen 22 July av Paul Greengrass:

Innblikk frå innsida

I dokumentarfilmen Rekonstruksjon Utøya har regissør Javér gjort som Erik Poppe, og valgt eit utsnitt der han fokuserer på ungdommane. I to veker var filmteamet og ein psykolog samla på Filmcamp i Målselv i Troms for å rekonstruera hendingane.

At dokumentaren er svensk er neppe tilfeldig. Politikken hjå våre naboar i aust synest å verte stadig meir polarisert, og høgreekstremisme står høgt på dagsordenen.

Når Javér behandlar tematikken kring Utøya, gjer han det likevel ikkje som ein utanforståande. Filmteamet har fått med seg ein norsk medprodusent, John Arvid Berger, og dei har vore opptekne av å ha støtte frå dei etterlatne heile vegen.

Torje si historie

Dei fire ungdommane som ber historia, fekk dei kontakt med via Støttegruppa etter 22.juli. Ein av desse er Torje Hanssen frå Svalbard, som var berre 14 år under terroråtaket på Utøya.

Historia om Torje og broren Viljar er allereie kjent gjennom regissør Paul Greengrass sin Netflix-produksjon 22 July og Åsne Seierstad si bok. Mange sjåararar vil difor kjenne til slutten på Torje si historie.

Torje fortel hendingane kronologisk. Resultatet vert at skodespelarane lever seg inn i den kjenslemessige berg og dalbana Torje må ha vore med på når han ikkje veit kva som har skjedd med storebroren sin.

Både skodespelarar, overlevande og i nokre tilfelle filmteamet er med på gruppeklemmar undervegs i prosessen. Foto: Tour de Force

Gruppeklem og disco

Det som gjer rekonstruksjon Utøya så sterk er ikkje berre at me kjem så nært dei ekstreme hendingane, men òg menneska.

Dei unge skodespelarane som tek på seg oppdraget med å rekonstruere hendingane, tek det innover seg på vegne av oss alle, slik at det er umogleg å sitte upåverka igjen. Skodespelarane reagerer, viser empati og stiller spørsmål.

Rekonstruksjon Utøya er likevel ikkje berre ein rekonstruksjon av dei forferdelege hendingane.

Me ser korleis deltakarane vert samansveisa gjennom prosjektet dei er med på. Det utviklar seg eit felleskap og ei tone som ein lett kan sjå føre seg er den same som det ein kan sjå når engasjerte ungdomspolitikarar møtast med eit brennande engasjement. Det er gruppeklem og disco.

Svenske Javér lukkast i å vise fram eit ope og inkluderande samhald mellom ulike ungdommar ved å gje dei overlevande og dei som rekonstruerer historia deira eit rom til å møtast.

Der den amerikanske Netflix-produksjonen 22 July skildrar AUF-arane som ein krampaktig glad, syngande og ganske homogen flokk, klarar dokumentaren Rekonstruksjon Utøya å mana fram eit innblikk i eit engasjert ungdomsfellesskap.

Les også: Støre: – Lyset på Utøya trumfar det mørke nettet

22. juli inn i skulen

Etter førpremieren på Rekonstruksjon Utøya var det panelsamtale med politikarar frå AUF, Raud Ungdom, Unge Høgre og FpU.

Utøya-overlevande Renate Tårnes fortalde då igjen om hatet som blussa opp i kjølvatnet av Listhaug sitt Facebook-innlegg i vår. Ho meiner òg at Noreg har hatt ein berøringsangst når det kjem til å ta tak i haldningane som førte til åtaket på AUF og det norske demokratiet.

Dei norske ungdomspolitikarane er einige om slagordet: «Ikkje eit minutts stillheit, men eit liv i kamp for dei falne».

No skal 22. juli inn i læreplanane og produksjonsteamet håpar å reise rundt både i Noreg, Sverige og Danmark og vise filmen for skuleelevar. Eg håpar mange av fylka vel å ta filmen i sin kulturelle skulesekk, når dei får sjå filmen 6. november.

Torje Hanssen fortel sjølv i filmen at om det kjem noko godt ut av at han fortel si historie, så vert børa enklare å bæra. Når nokon tek på seg å fortelje ei slik historie skuldar me dei å lytte til det dei har å seie – slik kan det koma noko godt ut av noko så ufatteleg vondt.