Støre: – Lyset på Utøya trumfar det mørke nettet

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Han blei tatt imot med taktfaste Jonas-rop då han talte til AUFs sommarleir på Utøya fredag.

– Det dykk gjer, ved å vere tusen menneske på AUF-leir, det er å seia: Vi har vunne! sa Støre. I talen kom han naturlegvis inn på angrepet 22. juli, men også nederlaget i valet i fjor.

Han la også fram ei oppskrift på korleis Arbeidarpartiet skal komma tilbake:

– Ap kjem tilbake

– Arbeidarpartiet må snakka om saker som angår folk i kvardagen, sa han, og understreka at sakene partiet skal jobba for må vera forankra i grunnverdiane: Fridom, likskap og solidaritet.

– Og ha større ambisjonar. Sosialdemokratiet trengst meir enn nokon gong, sa Støre.

Han oppfordra AUF-arane til å hugsa på internasjonal solidaritet, og åtvara mot ei internasjonal utvikling med land som lukkar seg og leiarar som vil setta sine eigne land først.

Les òg: Thorvald Stoltenberg: – Håp er noko av det viktigaste me har

Kritisk til Trump

Spesielt viste han til president Donald Trump.

– I USA har vi ein president som meiner uføreseielegheit er ein god strategi i næringslivet og då må det vera det i internasjonal politikk, påpeikte han.

Støre avviser argumentet om å sjå bort frå Trumps tvitring og heller sjå kva han gjer:

– Det å tvitra er også noko du gjer som president, konstaterer han.

Han viser spesielt til omtalen av media som folkefiendar, og meiner det legitimerer angrep på journalistar andre stader i verda.

Spark til Frp-Sandberg

Ap-leiaren kom også med spark til fiskeriminister Per Sandbergs (Frp) ferie i Iran og statsminister Erna Solbergs handtering av saka

– Det finst land der islamisme er styresett. La meg seie det slik: Reiser ein til slike land bør ein ikkje ha med mobiltelefon. Eller som Solberg ville sagt: Eg ville ikkje brukt akkurat den mobiltelefonen.

Les òg: – Viktig at ungdom får sei kva dei meiner