Solveig (17) har blanda følelsar for Amanda-nominasjon

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det var veldig overraskande då eg fekk telefonen. Eg blei heilt sjokka – men òg veldig glad, seier den unge skodespelaren frå Stord.

Ho vedgår at det likevel er med blanda kjensler, sidan filmen tar opp det forferdelege terror-angrepet som skjedde 22. juli 2011 på Utøya.

– Eg tenkjer jo også: skal eg oppleva dette på grunn av det som skjedde?

69 menneske blei drepne på Utøya 22. juli 2011 i den verste hendinga på norsk jord sidan 2. verdskrigen.

Deilig stadfesting

– Det er umogleg å førestilla seg korleis det var på Utøya 22. juli, men det er deilig med anerkjenning av måten me har tatt opp temaet på, og ei stadfesting av at det var godt nok det eg gjorde.

Både norske og internasjonale kritikarar har rosa innsatsen til 17-åringen frå Stord.

– Det er umogleg å førestilla seg korleis det var på Utøya og korleis det er å døy, men eg har prøvd så godt eg kan, fortel ho.

Solveig Koløen Birkeland skal byrja på andreåret på studiespesialisering ved Stord vidaregåande skule til hausten.

LES OGSÅ: Utøya-filmen: Vil prøva å vekkja vårt kollektive minne

«Utøya» er ein av dei norske filmane som har gjort det godt i 1. kvartal av kinoåret.

Andrea Berntzen spelte hovudrolla i «Utøya». Ho er òg nominert til Amanda, for beste kvinnelege hovudrolle. Bilde frå Paradox Film 7/IMDb

Skal til Haugesund

Den unge skodespelaren var til stades då filmen blei presentert på den internasjonale filmfestivalen i Berlin tidlegare i år, og stiller på prisutdelinga i Haugesund 18. august saman med dei andre nominerte i Utøya-filmen.

«Utøya 22. juli» er nominert til sju Amanda-prisar, blant anna til prisen for beste film. Regissør Erik Poppe er nominert til prisen for beste regissør, og Andrea Berntzen er nominert til prisen for beste kvinnelege hovudrolle for rolla som Kaja.

Les også intevjuet vårt med Viljar Hanssen som overlevde Utøya!