Alexander (24) får ikkje reisa på landsmøte

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Alexander får ikkje reisa på landsmøte

– Me ser helst at BPA-ordninga går opp på statleg nivå, slik at det ikkje er avhengig av kommuneøkonomien om du får det du har krav på, seier Alexander Petersen på telefon til Framtida.no.

24-åringen er nestleiar i NHFU Sørvest, men får ikkje reise på landsmøtet i Trondheim i helga. Grunnen er at han ikkje har nok timar med brukarstyrt personleg assistanse (BPA). Det var Handikapnytt som først meldte om saka.

Alexander Petersen har cerebral parese og difor avgrensa mobilitet i armar og bein. Han treng hjelp til avkleding, påkledning og andre daglege gjeremål og har difor fått vedtak frå Bergen kommune om 46,5 timar i veka med BPA.

Petersen meiner det ikkje berre er urettferdig for han personleg, men òg ei viktig symbolsak.

– Dette er eit tydeleg symbol på vår organisasjonsmoglegheit som minoritetsgruppe. Me vil kjempe for denne retten som no er prøva. Det vert ein vond sirkel når det at me ikkje har desse rettane, gjer at me ikkje kan kjempa fram den retten, understrekar Petersen. 

LES OGSÅ: – BPA kan bli ein revolusjon

4 av 16 får ikkje delta på landsmøtet
I fjor gjorde Norges Handikapforbunds Ungdom (NHFU) vedtak om å starta opp att sin eigen organisasjon. Landsmøtet, som vert arrangert i Trondheim 18.-20. november, vert difor det første ordinære NHFU-landsmøtet sidan 2013.

BPA blir eit sentralt tema på landsmøtet. I tillegg til ein politisk debatt om retten til assistanse, planlegg NHFU å aksjonera i Trondheim sentrum.

– Det er ein realitet for mange at dei har avgrensa moglegheiter til å leva sjølvstendige liv. Så sant ein har nok timar, gjev BPA moglegheita til å leva eit sjølvstendig liv, noko som er det beste i verda, seier Petersen.

Dei fire som ikkje kan reise har ulike grunnar til det, men felles er at dei manglar assistanse. Ein bur på institusjon, som forklarar at ingen kan vere med til Trondheim, ein annan får ikkje tak i assistentar som kan reise, medan Petersen og ein til ikkje har nok timar med BPA.

LES OGSÅ: Mari Storstein laga dokumentarfilm om forskjellsbehandling av funksjonshemma

– BPA er ikkje omsorg
Petersen ynskjer ei betring av BPA-ordninga over heile linja, slik at det vert meir rettferdig.

Hans eigen heimkommune, Bergen, har til dømes eit omstridd ordning med reiserestriksjonar som seier at ein ikkje kan få reise med BPA meir enn fem veker i året.

I tillegg meiner han det er på tide å sjå på heile BPA-ordninga på ein ny måte.

– Ein opererer framleis med sjukdomsomgrepet. Skjemaa ein brukar er tufta på same måte som vedtak om heimesjukepleie. Men BPA er ikkje omsorg, det er ei serviceyting og ein rett. I dag ser byråkratane berre på omsorg, og legg ikkje til rette etter aktivitetsnivået og kor mykje assistanse ein faktisk treng, seier Petersen.  


Nestleiar i AUF, Ina Rangønes Libak, er vil ha slutt på at BPA-tilbodet varierer frå kommune til kommune. Foto: Andrea Nøttveit

Nestleiaren i AUF: – Eit demokratisk problem
Petersen får støtte av nestleiar i AUF, Ina Rangønes Libak, som meiner det er eit stort demokratisk problem at engasjerte ungdommar ikkje får reisa på landsmøtet til Norges handikapforbunds Ungdom for å tala si sak.

– Demokratiet er det viktigaste me har og det er ufatteleg viktig at alle får delta. Desse representerer ei gruppe menneske som det er ekstra viktig at får moglegheita til å heva stemma si og sei si meining. Det er viktige saker som ikkje vert høyrt om dei ikkje har moglegheit til å reise på landsmøtet for å snakka om nettopp den ordninga som hindrar dei i å reise, seier Libak oppgitt.

Ho er særleg frustrert over at politisk aktivitet ikkje vert prioritert med tanke på BPA.

I likheit med NHFU reagerer AUF og Libak på forskjellsbehandlinga mellom kommunane og meiner det er på tide med ein felles instruks for heile landet.

– Det er viktig at tilbodet ikkje varierer frå kommune til kommune, men at det er det same frå nord til sør. I tillegg vil me ha ein instruks om at den enkelte brukar sine ynskjer skal  ha større vekt, for det er jo det dette handlar om. BPA skal gje auka brukarkontroll slik at folk kan styre sitt eige liv slik dei sjølv ønskjer, seier Libak.


Då Bent Høie vart helseminister i Solberg-regjeringa var innføring av BPA ei av dei første tinga han tok for seg, no ventar han på ei evaluering av korleis ordninga fungerer i praksis. Foto: Bjørn Stuedal, Regjeringen

Helseministeren er uroa
Helseminister Bent Høie vil ikkje kommentera nokre konkrete saker, fordi han ikkje kjenner til dei enkelte delegatane og kommunen sitt vedtak.  

I ein e-post via Helse- og omsorgsdepartementet  si kommunikasjonsavdeling forklarar helseministeren at han har sett i gang ei følgjeevaluering av ordninga, som skal vere klar i 2017. Målet er å finna ut om det er trong for endringar eller nye tiltak for å sikra funksjonshemma moglegheita til å leva eit aktivt og sjølvstendig liv.

Kommunane bør leggja vekt på det som er intensjonen med lova – nemleg at BPA ordninga skal leggja til rette for å meistre eige liv og delta i samfunnet. Eg er uroa for at det verkar som fleire kommunar stikker kjeppar i hjula for dette i praktiseringa av ordninga, skriv Høie.

Han oppmodar brukarar som opplever at kommunen ikkje oppfyller sine forpliktingar til å klaga til fylkesmannen. Dette vil utgjera noko av grunnlaget departementet vil bruka i sitt vidare arbeid med brukarstyrt personleg assistanse.

Bergen kommune: – Aldri kjekt å høyre
Sjef for Etat for forvaltning i Bergen kommune, Kjell Wolff, kan heller ikkje uttala seg anna enn på generelt grunnlag.

– Mange ønskjer å bli tildelt fleire timar bistand enn det kommunen sin økonomi tillèt. Det er aldri kjekt å høyra om brukarar som ikkje får gjort det dei ønskjer, men rammene og retningslinjene som våre tildelingar vert gjort ut frå er viktige for å sikra ei rettvis fordeling av ressursane. Dei som har størst hjelpebehov får mest tenester, forklarar han i ein e-post til Framtida.

Han viser til at det er brukaren sjølv styrer bruken av timane og vil ikkje gå med på at Bergen har strengare reiserestriksjonar enn andre kommunar.

– Bergen har innført ein regel om at alle som vert tildelt BPA får halde på tenesta ved inntil fem vekers fråvær frå kommunen årleg. Ved lengre fråvær må personen søkja om tenester i opphaldskommunen. Det er dermed ikkje riktig at Bergen har strengare reisesrestriksjonar enn andre kommunar. Bystyret i Bergen har tvert imot gitt våre BPA-brukarar ein tilleggsrett dei ikkje får i andre kommunar, skriv Wolff.

Faktaboks

Dette er BPA (brukarstyrt personleg assistanse)

Frå og med 1. januar 2015 har personar under 67 år med langvarig behov for personleg assistanse har rett til BPA

Det er brukaren sjølv som organiserer og leier arbeidet med assistentane

Kommunen vurderer bistandsbehovet og tildeler timar etter det

Kjelde: Regjeringen, helsenorge.no