Nora Mørk får 150.000 i erstatning

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Nora Mørk er glad for dommen i Forliksrådet, da den viser at det var verdt å kjempe denne saka for seg sjølv og andre i samme situasjon, seier John Christian Elden i eit intervju med Nettavisen.

Dommen kom på tysdag denne veka. I dommen står det mellom anna at «Klagemotpart har innsett at deling av bilda har ført til stor belastning for klager».

Mobilen vart hacka

Det var i november i fjor Nora Mørk stod fram og fortalte at mobiltelefonen hennar var blitt hacka og private bilde av ho vart spreidde på nettet. Mørk varsla da at ho ville melde alle som har bidratt til å spreie bilda, og hadde meldt 15 personar for å ha delt bilda.

Ho fortalte og at det var ei stor belastning for ho.

– Livet mitt har forandra seg veldig. Eg har gått frå å ha det bra til å kjenne på at sjølvtilliten har forsvunne. (…) Eg trur ikkje folk skjønner kva det gjer med ein person, sa ho den gong til TV 2.

Mannen kan klage avgjerda inn for Tingretten, men det må gjerast innan ein månad frå han fekk dommen.