Det blir ikkje strengare straffer for hemnporno

Frode Grimelid
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er oppsiktsvekkande at Stortinget seier nei til eit lovforslag mot ein type kriminalitet som råkar utruleg mange jenter, seier handballspelar Nora Mørk til NTB via far sin Morten Mørk.

Ho vart utsett for ulovleg deling av private bilde i haust, og har meldt fleire personar til politiet for å dele bildene av henne vidare.

LES OGSÅ: Må betala for å ha delt nakenbilde

Røysta ned på kvinnedagen

Det er SV og Ap som har bedt Stortinget auke straffene, og viser mellom anna til at det i dag er strengare straffer for å true med bildedeling enn å gjere det.

Lene Vågslid (Ap)

Høgre og Frp har i staden komme med sitt eige forslag der dei først vil be regjeringa vurdere behovet for ei skjerping av straffene, og i Stortinget blir det ikkje fleirtal for forslaget til Ap og SV.

Lene Vågslid, som er leiar for justiskomiteen og forslagsstillar for Ap, seier dette til VG:

– Om regjeringa hadde meint at straffene for å dele bilde skulle aukast, hadde dei røysta for Ap sitt forslag i dag. Forslaget frå Høgre og Frp kan like godt bety at straferamma ikkje blir auka.

Solveig Horne representerer Frp i justiskomiteen. Ho meiner det ikkje er store skilnader på dei to forslaga. Foto: Reynir Johanessen/Frp

– Må greiast ut

Solveig Horne representerer Frp i justiskomiteen. Ho meiner det ikkje er store skilnader på dei to forslaga. Horne forklarer at endra straffer uansett må greiast ut, og at det derfor ikkje vil ta lenger tid med Frp sitt framlegg.

Då NTB spør Horne om kvifor Høgre og Frp insisterer på ordlyden «vurdere» framfor å tydeleg be regjeringa om auke straffene, svarar ho slik:

– Eg forstår at det spørsålet blir stilt, men eg har ikkje nok kunnskap i dag til å seie kor mange år strafferamma bør aukast, eller om dagens strafferamme er god nok.

LES OGSÅ: Hemnporno-offeret Emma Holten: – Eg blei feminist av det som hende