Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 12.11.2018 11:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tradisjonelt har song og musikk spelt ei viktig rolle for å vise identitet og kulturelt fellesskap. Musikk har vore ein måte å eige fortida si, og å vidareføre verdiar og tenkemåtar til nye generasjonar. Men verda er i stadig endring.

Globalisering gjer at tradisjonar er sårbare, og det er vanskeleg å oppbevare ein song i eit arkiv eller verne ein dans i eit museum. Det er mykje av grunnen til at UNESCO i 2003 vedtok ein konvensjon om å verne denne kulturrikdomen.

Les også: Kva skjer med oss når songen forsvinn 

Sidan 2008 har UNESCO difor ført ei liste over verdas immaterielle kulturarv. Per no står 470 bidrag frå 117 land på denne oversikta. Den vert stadig utvida.

Her er ein smakebit på nokre av dei musikalske bidraga:

Mongolsk strupesong

Denne måten å synge på førekjem i mange variantar. Slik kan ein synge frå Mongolia og Tuva-regionen til Italia eller Sentral-Afrika. Det er ein særskild songteknikk, der songaren lagar ei mørk tone frå strupen, og så skapar lysare tonar lenger framme i munnen ved hjelp av tunga. Det høyrest nesten ut som ein syng med to stemmer.

https://www.youtube.com/watch?v=1rmo3fKeveo

Glasoechko

Dette er ei form for overtone-song frå Makedonia, som no er sjeldan vare. Glasoechko er spontan song som menn framfører ved spesielle høve – frå lystige feiringar til middagsselskap. Songarane har lært glasoechko frå å lytte til og imitere eldre generasjonar, men på grunn av auka utvandring og borgarkrig så er det veldig få menn att som kan ta del i songen, og kunsten står i fare for å gå tapt.

Klapa

Klapa er ein type acapella-song frå sørlege Kroatia. Historisk så er det ein songtradisjon som hyller vennskap, og som har vorte ført vidare munnleg – frå generasjon til generasjon. Samstundes er det ein av songtradisjonane som no vert aktivt halde liv i. Det er mellom anna ein årleg festival der klapa-songarar og entusiastar kan møtast for å nyte songen.

Sankirtana

Det indiske sankirtana kombinerer mange uttrykksformer. Deltakarane både syng, dansar og speler instrument. Sankirtana vert nytta både som ein feiringsseremoni og som eit høve til å styrke fellesskapet mellom vaishnavittane – ei hindustisk rørsle som tilber guden Vishnu.

Kvinnene som deltek utmerker seg gjennom måten dei syng på – i ei veldig høg og markant tonehøgd. Sjå kring 3:37 i videoen:

 

Og så nokre håpefulle, som endå ikkje har fått status på lista:

Joik

Den samiske songtradisjonen har endå ikkje funne vegen inn på UNESCO si liste. Det trass i at tradisjonen er fleire tusen år gammal, og kanskje ein av dei eldste i Europa. Ein joik treng ikkje nødvendigvis tekst – den skal fange særpreg, anten det er til ein stad, ein person eller eit dyr.

– Det er ikkje som å synge noko. Ein målar nokon med sjølve melodien. Beskriv ei stemning, eit menneske, ei kjensle, seier Stjernekamp-Ella. Les meir om korleis ho skildrar joik her!

Jodling

Denne spenstige formen for song har endå ikkje vorte inkludert i UNESCO si liste, til trass for at sveitsiske myndigheiter allereie i 2014 la inn ein førespurnad hjå organisasjonen. Endå songtradisjonen er mest utbreidd i Alpane, så er den også å finne andre stadar i verda – hjå nokre afrikanske stammar, og i Asia og Polynesia.

Songteknikken er ei skikkeleg berg-og-dal-bane, og involverer ei hyppig registerveksling mellom brysttoner og falsett, og veldige melodisprang. Høyr berre her:

https://youtu.be/vQhqikWnQCU

Les også: Dette kan songen gjere