Kan maks ha 150 «ekte» Facebook-vener
Ei ny studie foreslår ein kjenning-kategori på Facebook, sidan hjernen ikkje har kapasitet til å takla meir enn 150 vener.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Studie: Kan maks ha 150 Facebook-vener
Du har kanskje 300, 500 eller til og med heilt opp i 1000 vener på Facebook? Men kor mange av desse kan du vende deg til dersom det er krise, eller om du berre treng litt sympati?
Dette spørsmålet stilte evolusjonspsykolog Robin Dunbar til 3300 mennesker.
Respondentane var delt inn i to grupper. Den eine gruppa hadde 155 Facebook-vener i snitt, medan den andre hadde 183 vener.
LES OGSÅ: Slik vel du det perfekte profilbiletet
Deltakarane i studien svara at dei hadde 14 vener dei kunne gå til for sympati, men berre fire vener dei ville gått til i ein krisesituasjon.
Studien som først vart omtala av VG vart presentert i tidsskriftet Royal Society Open Science onsdag.
Funna om at avgrensing i hjernekapasitet og fritid gjer det umogleg å pleie meir enn 150 vennskap på Facebook stemmer overeins med evolusjonspsykolog Dunbar sine tidlegare teoriar.
Dunbar har nemleg funne at menneskjer i snitt har fem intime venner, 15 bestevener, 50 gode vener, 150 vener, 500 kjenningar og 1500 folk me kjenner att.
– 150-laget er veldig viktig. Det definerer folk du har ekte og gjengjeldt venskap med, folk du kjenner forpliktingar for og er villig til å gjere tenester for. Folk kan ha 500 eller til og med 1000 vener på Facebook, men det dei eigentleg gjer er å inkludera folk me vanlegvis ville kalla kjenningar eller folk me berre kjenner att, men ikkje kjenner særleg godt, seier Dunbar ifølgje VG.
Evolusjonspsykologen meiner difor at me menneskjer har ei avgrensa mengd sosial kapital, som me kan velje å investere det tynt i fleire menneskjer, eller tjukt i færre menneskjer.
LES OGSÅ: Facebook-dronninga