– Me treng fleire lærarar med spesialpedagogisk kompetanse

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er soleklart at me treng fleire lærarar med spesialpedagogisk kompetanse. Det tek lang tid før denne kompetansen kjem elevane til nytte, og difor må regjeringa gje midlar til fleire spesialpedagogar i budsjettet for 2019, seier Synne Lerhol, generalsekretær i Unge funksjonshemmede i ei pressemelding.

Les også: Flest elevar får spesialundervisning i nord

Komande stortingsmelding

Tidlegare i år kom Nordahl-utvalet med rapporten Inkluderende fellesskap for barn og unge som slakta det spesialpedagogiske tilbodet for barn og unge.

Òg Barneombodet har ropt varsku om at kring halvparten av dei 49 000 elevane som får spesialundervisning får dette av ufaglærte assistentar.

Hausten 2019 skal regjeringa levera ei stortingsmelding om spesialundervisning. Dei foreslår også at Utdanningsdirektoratet skal lage forslag til vidareutdanning for lærarar i spesialpedagogikk.

Likevel er Unge funksjonshemmede skuffa over at regjeringa ikkje foreslår å styrke kvaliteten på spesialundervisninga i budsjettforslaget som vart lagt fram måndag 8. oktober.

Les også: Unge funksjonshemmede reagerer på forslag om å fjerne retten til spesialundervisning

– Utanforskap byrjar i skulen

Lerhol viser til at både Høgre og Frp har sagt at spesialundervisning skal vere ein prioritet, samt Erna Solberg sitt engasjement for unge som står utanfor arbeidslivet.

– Utanforskap byrjar i skulen. Denne elevgruppa har hatt eit altfor dårlig tilbod i mange år, og for elever som er i skulen no betyr eit heilt skuleår mykje. Me har ikkje råd til at enda fleire går glipp av opplæringen dei har krav på, seier Lerhol.