Størst andel elevar i nord får spesialundervisning

Nynorsk Pressekontor
Publisert
Oppdatert 20.10.2018 11:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det viser ei oversikt som Utdanningsdirektoratet har laga og no presenterer i eit statistikknotat.

Tala viser at det er stor variasjon i korleis retten til spesialpedagogisk hjelp i barnehagen og til spesialundervisning i skulen slår ut.

Les også: Noreg får FN-kritikk for ekskluderande undervisning

Kommunevariasjon

– Delen barn og elevar med spesialpedagogisk hjelp og spesialundervisning minkar i overgangen frå barnehage til grunnskule og også frå grunnskule til vidaregåande opplæring, seier avdelingsdirektør Irene Hilleren i Utdanningsdirektoratet.

Ho peiker på at det også er store forskjellar i kor mange timar med spesialundervisning elevane får.

– Dette tyder på at kommunar og skuleeigarar vurderer behova ulikt og har forskjellige ressursar, meiner ho.

Store variasjonar

Barneombodet slo seinast i fjor alarm om at norske elevar ikkje får den spesialundervisninga dei har rett på og at det er mangel på faglærte assistentar.

Den nye oversikta viser at 6 prosent av femåringane i barnehagane fekk spesialpedagogisk hjelp i 2017.

På første trinn i grunnskulen får 3,9 prosent av elevane spesialundervisning og delen stig utover til 10,7 prosent på 10. trinn.

Berre 3 prosent får spesialundervisning i første trinn på vidaregåande skule.

Det er langt fleire gutar enn jenter som får spesialundervisning.

– Delen barn som får spesialpedagogisk hjelp aukar med alderen. For eittåringar er delen 0,4 prosent, medan den aukar til 6 prosent for femåringar. Blant barn med utsett skulestart får 82 prosent spesialpedagogisk hjelp, seier Hilleren.

Les også: Unge funksjonshemmede reagerer på forslag om å fjerne retten til spesialundervisning

Forskjellar frå kommune til kommune

Finnmark (10 prosent), Troms (9,8 prosent) og Nordland (9,6 prosent) har høgast del elevar med spesialundervisning, medan Akershus, Oppland og Østfold ligg nedst med høvesvis 6,4, 6,9 og 7 prosent.

Det er stor forskjell mellom kommunane, også i same fylke. Berre i Østfold fylke varierer delen elevar med mellom 3 og 11 prosent mellom kommunane.

Ifølgje notatet kan forskjellane på kommunenivå blant anna komme av at skuleeigarar har ulik tilnærming til kva som kan løysast innanfor tilpassa opplæring og kva som krev spesialundervisning. Også ulike tolkingar av opplæringslova kan liggje til grunn.

Færre vert tekne ut av klassen

Det er også ein nedgang i delen som får spesialundervisning utanfor klassen, frå 72 prosent i skuleåret 2013–2014 til 60 prosent i 2017–2018.

Delen barn med spesialpedagogisk hjelp er høgare i kommunale barnehagar enn i private barnehagar, medan i grunnskulen er det omvendt, der er delen høgare i private skular enn offentlege.

På vidaregåande skule er det fleire elevar som får spesialundervisning på yrkesfag enn på studieførebuande.

Nesten halvparten av vedtaka om spesialundervisning gjeld over 191 timar eller meir. Her skil Oslo seg ut med eit gjennomsnitt på 271 timar for 43 prosent av vedtaka.