Vil ha betre seksualundervisning etter #metoo
Sex og Politikk og Elevorganisasjonen etterlyser satsing på seksualundervisning i statsbudsjettet.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Det siste årets #metoo-avsløringar viser at Noreg må styrke seksualitetsundervisninga, seier dagleg leiar i Sex og Politikk, Tor-Hugne Olsen, i ei pressemelding.
Organisasjonen er skuffa over at regjeringa ikkje har bladd opp #metoo-millionane som Venstrepolitikarar etterlyste i VG i august. Då vart det føreslått å opprette ein eigen pott på statsbudsjettet der ulike organisasjonar og andre som jobbar mot seksuell trakassering kan søkje om midlar.
Les også: Panfile Rebekka (16) vil ha betre seksualundervisning
Rop etter seksualundervisning
Sex og politikk tykkjer heller ikkje at regjeringa sin offensive strategi for seksuell helse 2017-2022 «Snakk om det», som vart lagt fram i slutten av 2016 viser att i budsjettforslaget.
I forkant av budsjettforslaget fekk Seksualpolitisk Nettverk for Ungdom (SNU) med seg representantar for alle ungdomspartia og Elevorganisasjonen på ytringa «Kjære regjering, gi oss en helhetlig seksualundervisning!»
Olsen understrekar at Sex og Politikk no forventar at stortingsbehandlinga syt for å inkludera ein eigen budsjettpost til seksualundervisning.
– Vi veit at seksualitetsundervisning er heilt sentralt for at barn og unge skal kunne leve gode liv og ta gode val for seg sjølve og i møte med andre, seier Olsen i pressemeldinga.
Les også: Førsteklassingar får seksualundervisning
Elevorganisasjonen vil ha kompetanseheving
Leiar i Elevorganisasjonen Agathe Waage er einig i at #metoo-vinteren har vist at det hastar med betre seksualundervisning i norske skular.
– Kompetansemåla i seksualundervisninga er der, men skulane har ikkje nok kompetanse. Det me ser i dag er at det er tilfeldig om læraren er engasjert i og oppteken av temaet, seier Waage.
I punktet som omhandlar seksualundervisning på statsbudsjettet, viser Kunnskapsdepartementet til arbeidet med fagfornyinga. Fagfornyinga skal resultera i nye læreplanar som skal vere ferdig i 2019.
Dette er inga overrasking for Waage, som likevel skulle sett at regjeringa sette av pengar til kompetanseheving.
Les også: Argentinar: – Finst ikkje seksualundervisning i skulane
Viste pornofilm for klassen
Leiaren i Elevorganisasjonen meiner at seksualundervisninga i dag ikkje klarar å oppnå målet om å lære unge om seksualitet, identitet, kjensler og grensesetting i eit trygt miljø.
– Me har eit ekstremt eksempel frå ein ungdomsskule der læraren sette på ein pornofilm, gjekk ut, og det var seksualundervisninga dei hadde. Dette skjer i dagens skule, seier Waage oppgitt.
Ho fortel vidare om ein annan lærar som sa at: «Nokon er så homofile at dei veljer å skifta kjønn».
– Det er ekstremtilfelle, men det viser at det er mange der ute som ikkje har kompetanse.