KrFU utan bunde mandat på landsmøtet
Når KrFUs delegatar reiser til det ekstraordinære landsmøtet i moderpartiet, står dei i praksis fritt til å stemme etter eiga overtyding.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Berre for nokre veker sidan vedtok KrFUs landsmøte at KrF «slik situasjonen er nå, vil få best gjennomslag i regjering med Høyre, Venstre og Frp».
Mange har difor rekna med at ungdomsdelegatane ville vere bundne til å stemme i samsvar med dette når KrF held landsmøte 2. november.
I ein e-post Vårt Land har fått tilgang til kjem det derimot fram at kandidatane i praksis vil vere fristilt, slik delar av KrFUs landsstyre og sentralstyre har ønskt.
Les også: KrfU vil halda på sidemålskarakteren
Delte meiningar i ungdomspartiet
– Eg kjem til å stemme for Knut Arild Hareides forslag om å søke regjeringsmakt med Sp og Ap, bekreftar 1. nestleiar i KrFU, Nikolai Berglund Skogan, overfor avisa.
Berre landsmøtet kan komme med eit bindande mandat, og det skjedde ikkje på møtet i september. Skogan meiner difor at delegatane til ungdomspartiet er fristilte. Ein av dei som likevel kjem til å følgje det landsmøtet bestemte i september, er KrFU-leiar Martine Tønnessen.
– Eg opplever vedtaket frå landsmøtet vårt som forpliktande og kjem til å stemme i tråd med det, seier ho.
KrFU hadde tolv av 180 delegatar på KrFs landsmøte i fjor.
Les også: KrfU stemte mot sjølvbestemt abort