I fotballen skal «menn vera menn». Det biletet er i endring.
To forskarar såg nærare på den mannsdominerte fotballen, som sakte opnar seg for eit nytt mannsideal.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Fotball: Berre for «ekte menn»?
Christiano Ronaldo med dei glitrande øyredobbane til og undertøysmodellen David Beckham har skilt seg ut i fotballen. Dei to er ikkje berre blant dei beste fotballspelarane nokon gong, men dei er også symbol for den metroseksuelle fotballspelaren – han som ofte blir utskjelt. I fotball har den tradisjonelle mannsrolla dominert – og det gjer den nok enno, meiner Anne B. Tjønndal ved Nord Universitet og Arve Hjelseth ved NTNU, som har forska på mannsrolla i fotball.
– Metroseksualiteten har ein litt tvitydig posisjon i fotball. T.d. er nok grunnen til at Christiano Ronaldo er så upopulær at han blir oppfatta som ein jålebukk, seier Hjelseth.
Tjønndal og Hjelseth har studert kjønnsrollar i herrefotball dei siste tiåra – og dei ser at den tradisjonelle mannen framleis står sterkt.
Den metroseksuelle mannen
Då David Beckham var på sitt mest populære, var utsjånaden hans banebrytande. Han vart på mange måtar eit opphav og eit symbol for det metroseksuelle, med hyppig byte av sveis og ei litt sped stemme. «Han var tydelegvis heterofil, men aldri aggressiv eller eingong påståeleg på den tradisjonelle, maskuline måten», skriv CNN, i ein profil om Beckham som det metroseksuelle symbolet. Og Beckham har sett spor i fotballen.
– Dei største endringane i mannsrolla i fotball dei siste åra er truleg at det er eit større mangfald i måtar å uttrykka maskulinitet på i dag enn tidlegare. Inntoget til metroseksualiteten, med store internasjonale stjerner som Beckham, er eit døme på dette, forklarar Tjønndal.
Kva er mannsrolla, og kvifor er den i fotball?
Kva er den tradisjonelle mannsrolla? Den er vanskeleg å definera som éin bestemt ting, fortel Tjønndal. Men den er tydelegare i fotball enn andre stader.
– Generelt har samfunnet blitt meir tolerant for ulike maskulinitetar og mannsrollar. Menn kan nok i større grad visa omsorg og kjensler i dag enn før. Idrett og fotball derimot, har tradisjonelt vore svært maskuline sosiale settingar, og kan derfor vera meir prega av ortodoks maskulinitet, med mindre spelerom for å uttrykka kjensler, seier Tjønndal.
Ho påpeikar at den tradisjonelle mannsrolla dominerer mest i Europa og Sør-Amerika. I USA er fotball sett på som meir feminint, fordi andre sportar som amerikansk fotball har tatt den veldig maskuline posisjonen.
«Menn skal vera menn»
At fotballen er ein arena der «menn skal vera menn» gjer seg tydeleg på mange måtar, også i dag. Då Kristen Kvalvågnes bestemte seg for å sjå ein EM-kamp på ein fotballpub i Bergen, såg alle rart på ho. Mange var der åleine, men ho var einaste kvinne som var åleine, skriv ho i Aftenposten.
Hadde tenkt å se fotball og drikke øl aleine, men så hadde jeg glemt at jeg er kvinne. Takk alle dere menn som kom bort og minnet meg på det
— Kirsten K. (@kihokva) June 13, 2016
– Det finst dei som hevdar at kvinner verken likar eller forstår fotball. Men er menn eigentleg interessert i at kvinner skal lika fotball? Fotball er ei mannegreie. Ikkje fordi kvinner mislikar fotball, men fordi menn sjølv legg opp til det, skriv Kvalvågnes, som engasjerte mange med innlegget sitt.
Ho opplevde ikkje direkte sjikane, men følte at ho ikkje høyrde heime på grunn av kjønnet sitt. Og det skjer i fotballen – ofte med styggare utfall.
Under EM valde den tyske TV-kanalen ZDF å bruka Claudia Neumann som fotballkommentator under meisterskapen – som første kvinne på tysk TV. Trass i 20 års erfaring som journalist, vart ho møtt med mykje hets, ifølgje Aftenposten.
«Kvinner skal føda barn, ikkje kommentera fotball», sa ein. «Ei kvinne kommenterer Wales – Slovakia? Eg har ikkje noko imot frigjering, men kan dei ikkje lata oss få ha fotballen i fred?», spurde ein annan.
For fotball er noko menn vil ha i fred. Eller er det slik?
Meir aksept for kvinner
I fjor haust gjennomførte Universitetet i Leicester og Loughborough University ei undersøking om haldningar fotballfans har til kvinner i fotballen. Dei konkluderte med at dei fleste engelske fotballfans ville ønska fleire kvinner velkommen inn i fotballen.
Blant dei over 2000 spurde var 83 prosent menn, og mange var over 46 år – dei representerte eit gjennomsnittleg fotballpublikum i Storbritannia.
91 prosent av dei spurde mennene ønska fleire kvinnelege fotballfans velkommen, og 90 prosent ville gjerne sjå fleire kvinnelege fotballjournalistar. 75 prosent av mennene ville også gjerne sjå fleire kvinnelege trenarar. Det kan bidra til å endra den rigide mannsrolla, meiner Tjønndal. Men:
– Kjønnsfordelinga, både blant sportsjournalistar og trenarar, spesielt i toppidrett, er veldig skeivfordelt. Kvinner er underrepresenterte, seier Tjønndal, og legg til at vegen framleis er lang å gå før me får kjønnsbalanse blant fans, journalistar og trenarar i fotballen.
Homofili i fotballen?
Også homofili har ein svak posisjon i fotball. I den norske Tippeligaen er det ikkje ein einaste opent homofil spelar. Også i resten av verda er det veldig få opent homofile fotballspelarar. Det er i det heile lite aksept for homofili i «mannsidrett», ifølge forskarane.
– Til dømes blir homofobiske utsegn ofte brukt som skjellsord i herrefotball. Då den britiske fotballspelaren Justin Fashanu kom ut som homofil i 1990 vart han utsett for sjikane både frå fans og lagkameratar, forklarar Tjønndal.
Men det er annleis i USA, der fotball ikkje har den same maskuline posisjonen. Det kan også gjera det lettare å vera opent homofil for fotballspelarane. Tjønndal viser til LA Galaxy-spelaren Robbie Rogers, som ikkje opplevde same sjikane då han sto fram i 2013.
Her kan også årstala spela inn – for det blir betre.
Mykje er gjort, meir må gjerast
Sjølv om tradisjonelle mannsideal framleis dominerer, har mykje forandra seg i fotballen.
– Det blir jobba stadig meir målbevisst frå dei styrande organa i fotballen og politikarane for å endra haldningar. Det er ikkje urimeleg å gå ut ifrå at den tradisjonelle måten ein er med kvarandre i herrefotball – karsleg, tøft, handlekraftig og med eit røft, sexistisk og homofobt språk, har skjult haldningsendringane som ligg under, seier Arve Hjelseth.
Tjønndal legg til at det er eit omfattande arbeid å endra haldningane til homofili og kva som er mandig, spesielt i så mannsdominerte miljø.
– Bevisstgjering på diskriminering og stereotypisering er nok ein start. Trenarar, spelarar, fans og media har alle eit felles ansvar for å jobba mot ein meir open og inkluderande kultur i herrefotballen, seier Tjønndal.
Les meir: