La pappa vere pappa!

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Effektane av kutta til regjeringa i pappapermen er tydelege og klare: norske fedre tek ut mindre foreldrepermisjon no enn før. Det er dårleg politikk både for kvinner og menn. I 2014 vart fedrekvoten av foreldrepermisjonen kutta frå 14 til 10 veker. Dette til trass for åtvaringar frå NHO, LO og fagfolk, som meinte kutta ville føre til at menn vil ta ut mindre permisjon, at kvinner vil ta ut meir og at dette var eit grep som ville ta likestillinga i feil retning.

Erna Solberg lytta som vanleg ikkje. Høgre påstod den gongen til og med at menn ville ta ut meir permisjon med ein mindre fedrekvote – forstå den som kan. No har vi fasiten: mengda fedre som tek ut meir enn 10 veker har blitt vorte halvert. Fedrekvoten gjev menn rett på foreldrepermisjon. Det styrkjer farsrolla og det gjev far fridom til å vere saman med borna i det første leveåret deira.

Auka fedrekvote er bra for både kvinner og menn. Unge kvinner skal ikkje diskriminerast på jobbintervju fordi dei kan få barn og ta ut lang permisjon. Ei større fedrekvote gjer samstundes at kvinner kjem raskare ut i jobb etter permisjon. Dei siste sju åra har Høgre jobba for å fjerne fedrekvoten for fullt, med dei konsekvensane det ville hatt for likestillinga i Noreg, men på landsmøtet i vingle-Høgre i helga enda dei på å vere for fedrekvoten. Det er rett og slett umogleg å vite kva Høgre meiner.

I statsbudsjettet for 2014 sparte Høgre og Frp 160 millionar kroner ved kutte i fedrekvoten. Dette er fordi kvinner i gjennomsnitt tener mindre enn menn, og det er difor billegare for staten å ha kvinner i permisjon. Høgre, Venstre, KrF og Frp budsjetterer med manglande likestilling. Det har ikkje norske kvinner og menn råd til.

Arbeidarpartiet har ein aktiv likestillingspolitikk fordi vi har ikkje tid til å vente på at det skjer av seg sjølv. Det nyttar ikkje å vere for likestilling om ikkje du samstundes har ein politikk som bidreg til nettopp det. Arbeidarpartiet vil auke fedrekvoten til 14 veker, kutte kontantstøtta og sikre fleire og billegare barnehageplassar. Det gjev meir likestilte familiar og meir fridom for mødrer og fedrar – og aller viktigast, til borna. Lik fridom i heimen gjev lik fridom i samfunnet.