Politikarar som gjev oss trua på framtida

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 03.02.2020 10:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I Det kvite hus har me president Trump, kjent for utsegns som «grab ‘em by the pussy» og for å bruke Twitter for å kalla klimaendringane ein bløff laga av Kina for å øydeleggja konkurransekrafta til USA.

På Fillippinene sit president Rodrigo Duterte, som jamleg spøkar med valdtekt og driv ein dødeleg kamp mot landets kriminelle, som sidan 2016 har kosta tusenvis livet.

På søndag kan Brasil få ein president som har uttala at han aldri kunne elska ein homofil son og vil trekkja Brasil frå Parisavtalen, slik Trump har gjort.

Det er med andre ord mange politikarar som er eigna til å få sjølv den lystigaste sjel til å sjå mørkt på framtida.

Les også: Det brasilianske demokratiet på veg mot ei usikker framtid

Her kjem ei liste over politikarar som kan gje deg tilbake trua på menneskeheita: 

I 2015 kåra TIME magazine Angela Merkel til årets person. Omslag: TIME magazine

I 2015 kåra TIME magazine Angela Merkel til årets person. Omslag: TIME magazine

Angela Merkel

Etter at Donald Trump tok over som USAs 45. president har mange teke til å kalla Angela Merkel «leiaren av den frie verda». Ho vart kåra til TIMEs person of the year året før den amerikanske presidenten. Då Merkel vart utnemnt til årets person av det prestisjetunge nyheitsmagasinet var ho den første kvinna på nesten 30 år som fekk denne æra.

I år er ho på fjerdeplass i Forbes si årlege kåring av verdas mektigaste personar. Ikkje uventa tronar ho òg øvst på Forbes-lista over mektige kvinner.

Justin Trudeau

Den canadiske statsministeren har fått eit internasjonalt «kjekkas-stempel», men vekkjer òg åtgaum for politikken sin.

Partileiaren for Canadas liberale parti, Justin Trudeau, vann valet i 2015 og har sidan den gong vekt åtgaum verda over. Her feirer han Pride. Foto: GoToVan, Flickr

Partileiaren for Canadas liberale parti, Justin Trudeau, vann valet i 2015 og har sidan den gong vekt åtgaum verda over. Her feirer han Pride. Foto: GoToVan, Flickr

Trudeau gjekk til val på å ta imot 25 000 syriske flyktningar og skapte nyheitsoverskrifter verda over då han stod på flyplassen og handhelste på dei første som kom.

No ser det ut til at den faktiske innvandringspolitikken til Canada vert strengare enn lova, men me har alltids sokkane. Dei fargerike sokkane til Trudeau er så artige at ein nesten kan tilgje brotne valkampløfter.

Les også: Kva er eigentleg ein populist?

Emmanuel Macron

Då Frankrikes Emmanuel Macron kom som ei kanonkule ut av ingenting og slo høgrepopulisten Marine Le Pen i valet i 2017 var det mange som slapp eit letta sukk.

Den franske presidenten Emmanuel Macron på vitjing i Estland under formannskapsrådet i EU. Foto: Aron Urb, Flickr

Den franske presidenten Emmanuel Macron på vitjing i Estland under formannskapsrådet i EU. Foto: Aron Urb, Flickr

Den franske presidenten er sjeldan einig med Trump, noko som vart tydeleg då FNs generalforsamling møttest i New York førre veke.

– I møtet med ein viss nasjonalisme, vil det ikkje være suksessfullt å bruke suverenitet som ein måte å angripe andre på, sa Macron ifølgje VG.

Hadia Tajik

Nestleiar i Arbeidarpartiet Hadia Tajik kjem med på denne lista av to gode grunnar. Den eine er at rogalendingen formidlar politikken sin på velformulert nynorsk. Ho har med andre ord klart å halde på målforma i eit område der berre seks prosent har nynorsk på vidaregåande.

Det er uvisst kva Arbeidarpartiets Hadia Tajik applauderer her, men den tidlegare kulturministeren vekkjer åtgaum for å halda på målforma. Foto: Bernt Sønvisen, Arbeidarpartiet

Det er uvisst kva Arbeidarpartiets Hadia Tajik applauderer her, men den tidlegare kulturministeren vekkjer åtgaum for å halda på målforma. Foto: Bernt Sønvisen, Arbeidarpartiet

Hadia Tajik er i tillegg ein av dei politikarane i Noreg som har måtte tåla mest hets for den ho er, likevel held ho fram å løfta saker ho er oppteken av.

Då kritikken herja etter at Siv Jensen kledde seg ut i indianarkostyme til Finansdepartementets haustfest i fjor tok Tajik til Twitter for å få fokuset tilbake på politikken: