To av tre bønder trur neste generasjon overtar

Norske bønder har stor tru på at eige gardsbruk overlever dei neste 50 åra, viser ei undersøking.

Framtida
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

To av tre trur borna tar over

45 prosent av bøndene trur garden består i driftsmessig forstand om 50 år, mens berre 23 prosent svarar nei, ifølgje ei undersøking gjennomført av Agri Analyse for Landbruksforsikring.

– Når delen på drygt 30 prosent som svarar veit ikkje, blir haldne utanfor, oppgir to tredelar at dei trur på framleis drift 50 år fram i tid. Det viser at langsiktigheita og kontinuiteten som historisk sett har prega næringa framleis består, seier Håvard J. Djupedal, administrerande direktør i Landbruksforsikring.

65 prosent av bøndene meiner det er sannsynleg eller forholdsvis sikkert at neste generasjon vil overta når tida kjem. 18 prosent svarar at dette heilt sikkert eller sannsynlegvis ikkje vil skje. Resten svarar veit ikkje, eller at spørsmålet er uaktuelt fordi dei ikkje har barn.

Møt Årets Bonde 2016: Ingve B. Berntsen frå Hå kommune på Jæren