Eirik Tangeraas Lygre
Publisert
Oppdatert 20.10.2018 10:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dette er verdas verste humanitære krise

Jemen var det fattigaste landet i Midtausten alt før krigen mellom styresmaktene og houthi-opprørarane braut ut i 2014. Nå har krigen øydelagt tilgangen på vatn, utdanning og helsehjelp. Mangel på drivstoff til vasspumpestasjonar tvingar folk til å nytta seg av forureina kjelder i staden for, og det har ført til det verste kolerautbrotet i moderne tid.

Nå seier både FN og EU at Jemen er verdas verste humanitære konflikt. Tre fjerdedelar av befolkninga på 28 millionar har behov for naudhjelp. Minst 10 000 skal vera drepne (etter det, for to år sidan, slutta FN å telje), medan over 50 000 skal vera skadde, ifølgje FN. Ei anna oppteljing fann at 50 000 var drepne berre dei siste to åra.

Den Saudi-leia koalisjonen si gjenerobring av hamnebyen Hodeidah dei siste månadane har gjort at dødstala igjen har skote i vêret. Det er inngangsporten for mykje av naudhjelpa i landet.

Og konflikten er langt ifrå oversiktleg.

Borgarkrig med mange involverte

Enkelt sagt er det krig mellom styresmaktene i Jemen og houthi-opprørarane. Houthiane representerer den sjiamuslimske befolkninga nord i landet. Men så enkelt er det sjølvsagt ikkje.

Det har ikkje lukkast Hadi-regjeringa og deira allierte å ta tilbake hovudstaden Sana frå Houthi-opprørarane. Foto: Kate Nevens/CC BY-NC 2.0

Det har ikkje lukkast Hadi-regjeringa og deira allierte å ta tilbake hovudstaden Sana frå Houthi-opprørarane. Foto: Kate Nevens/CC BY-NC 2.0

Houthi-militsen, sjiamuslimar av ein lokal variant ved namn zaidisme, er støtta av Iran – ei sjiamuslimsk stormakt i regionen.

Dei internasjonalt anerkjende styresmaktene, ved president Abed Rabbo Mansour Hadi, er støtta av ei rekke aktørar. Viktigast blant dei er Saudi-Arabia, som tok til å bomba Houthi-militsen i 2015, og leiar ein militærkoalisjon av sunnimuslimske land.

Bakgrunnen var at houthiane og den avsette diktatoren Ali Abdullah Saleh tok over hovudstaden Sana og tvinga Hadi-regjering til å flykta til Saudi-Arabia.

Samstundes fekk ein lokale anti-Houthi-grupper sør i landet. Desse er i hovudsak sunnimuslimar, og medlemer og sympatisørar av al-Qaida utgjer ein viktig del. USA, Storbritannia, Frankrike og fleire forsyner den Saudi-leia koalisjonen med våpen.

Éin av desse våpeneksportørane er Noreg.

Les også: Noreg med ny rekord i våpeneksport: – Vi tener på at verda rustar opp

Norsk materiell funne i Jemen

Norsk våpeneksport til to av dei mest aktive deltakarane i krigen, Saudi-Arabia og Dei sameinte arabiske emirata, steig frå 80 millionar i 2016 til 110 millionar i 2017, ifølgje tal frå SSB.

Til førstnemnde eksporterer Noreg berre tilbehøyr og delar til våpen. Til Emirata derimot blir det eksportert ammunisjon, bomber, granatar, rakettar, miner med meir. Mellom 2014 og 2016 seksdobla norsk våpeneksport til landa i koalisjonen seg.

I januar melde regjeringa at ein ikkje lenger tillét eksport av A-materiell til Emirata. Same månad blei militærmateriell med logoen til Kongsberg Gruppen funne langs kysten i Jemen.

Fleire hjelpeorganisasjonar krev at Noreg også skal stoppa eksport av B-materiell til koalisjonen, slik som undervassfartøyet frå Kongsberg Gruppen.

Månader etter eit luftangrep mot dette nabolaget i Sana’a, leitar ungdommar etter verdiar i ruinane. Foto: Almigdad Mojalli/VOA, public domain

Den gløymde krisa

Så kvifor er det så lite merksemd rundt konflikten? I Storbritannia, som eksporterer våpen og donerer klart mest bistand, er mindre enn halve befolkninga klar over at det er krig i Jemen.

Dessutan peikar mange på at ein lang, blodig konflikt i Syria har gjort folk lite håpefulle kva gjeld mogelegheita for betring. Jemen er også lengre vekke enn Syria. Sjansen for at spesielt mange jemenittiske flyktningar kjem til Europa er liten, og dermed er engasjementet også mindre – viss ein skal sjå kynisk på det.

Men Jemen kan bli ein ny mislykka stat. Det er ikkje i Vesten si interesse. Med kontroll over Bab al-Mandab-stredet – ein flaskehals i Suezkanalen – er det vesentleg for alle skip som ferdast her at Jemen ikkje kjem i feil hender. Som mislykka stat kan Jemen gi opphav til global terrorisme.

Houthiane starta rett nok krigen, men nå er det den Saudi-leia koalisjonen som blir skulda av menneskerettsgrupper som Amnesty International for å bevisst bomba skular, sjukehus, moskéar og marknadar. Dette blir lagt til rette for av vestleg våpeneksport, vestlege satellittar, og vestleg kompetanse.

Donald Trump, stor tilhengar av den saudiske kronprinsen og antipatisk mot Iran, kjem truleg ikkje til å slutta med å selja «lots of beautiful military equipment» til koalisjonen med det første. Trass i at ein framleis ikkje har lukkast med å ta tilbake hovudstaden, trur koalisjonen stadig at konflikten kan vinnast.

LES OGSÅ: – Ikkje akseptabelt at Noreg tener på krig

Kan det ta slutt?

I røynda ser det ut til at houthiane er for svake til å ta over heile landet, men sterke nok til å ikkje tapa, sett at rundt 40 prosent av jemenittar høyrer til same religiøse retning som houthiane.

Parallelt med at Hadi-regjeringa har fått fleire og meir aktive støttespelarar, har Iran auka støtta til houthiane.

Trump og kronprins av Saudi-Arabia Mohammad bin Salman held på ei glødande kule saman. Foto: Rogelio A. Galaviz C./CC BY-NC 2.0

Eit nyleg forsøk på fredsforhandlingar kollapsa tidleg i september, etter at Houthi-delegasjonen ikkje dukka opp i Geneve.

Årsaka var, ifølgje dei sjølv, at Saudi-koalisjonen – som kontrollerer luftrommet – ikkje ville garantera dei trygg reise. Nokre dagar seinare angreip koalisjonen Hodeidah.

Med heilhjarta støtte frå Trump er det lite truleg at sivile dødsfall og liding vil ta slutt med det første. Men den amerikanske kongressen har vist aukande skepsis til den Saudi-leia koalisjonen sine stadig grellare menneskerettsbrot.

Håpet er at stadig fleire i kongressen viser motstand mot at USA held liv i verdas verste humanitære krise.

Gå til livekart med siste nytt om krigen i Jemen her (ekstern lenkje)!

Fakta

  • Jemen var del av det osmanske riket fram til 1918.
  • I 1918 fekk Nord-Jemen sjølvstende, medan Sør-Jemen blei del av Storbritannia.
  • Under den kalde krigen var Sør-Jemen marxistisk og alliert med Sovjetunionen, medan Nord-Jemen baserte seg på religiøs autoritet.
  • Blei slått saman til éin stat i 1990.
  • Konflikten mellom Houthiane og styresmaktene tok til i 2004.