Embla (21) er ny leiar i Changemaker

Frode Grimelid
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Ikkje akseptabelt at Norge tener pengar på krig

Mathisen er nyvald leiar i Changemaker, ei oppgåve ho skal ta over frå Tuva Krogh Widskjold i løpet av sommaren. Då skal ho gjere det ho kan for å få organisasjonen betre kjent over heile landet.

– Vi vil bruke dei medlemmane vi har rundt om i landet til å køyre kule kampanjar og jobbe mykje med norsk våpeneksport. Vi skal presse dei lokale politikarane til å bli med på endring, seier ho.

Ordførarar for fred

– Korleis skapar slike kampanjar endring?

– Vi kan få lokale partilag til å stemme for forslaga mot våpeneksport og påverke partileiarane, og vi kan få ordførarane til å bli med i Ordførarar for fred. Det finst mange moglegheiter for dei som bur utanfor Oslo til å påverke, seier Mathisen.

– Kvifor er våpeneksport eit problem?

– Sal av våpen til land som Jemen legitimerer autoritære regime, maktmisbruk og brot på menneskrettane. Det er verdiar Norge ikkje kan stå inne for.

Changemaker vil ha strengare regelverk for våpeneksport. I dag meiner dei tolkingsrommet er for stort for politikarar og Utanriksdepartementet (UD).

Strengare regelverk

I januar i år stansa UD våpeneksport til Dei sameinte arabiske emirata, men Changemaker meiner dette ikkje er nok til å stoppe flyten av norske våpen inn i konfliktområdet.

Changemaker jobbar med mange problemområde, men meiner våpeneksport er ein god stad å starte. Og eit område i norsk politikk og industri som er altfor lite omtalt.

– Våpeneksport er ein veldig tydeleg problematikk der Norge med ei enkel lovendring kan gjere verda betre, og i alle fall ikkje tene pengar på krig. Det tenker eg er ein fin stad å starte, seier Mathisen.

– Men våpeneksport til land som ikkje bryt menneskerettane er greitt?

– Eg er ikkje for krig og våpeneksport i det heile, men vi får starte med det som er heilt katastrofalt først, og så bli meir etiske etter kvart.

Changemaker heldt årssamlinga si 13.-15. april i Oslo. Foto: Anne Sofie L. Bergvall/Changemaker