Thea sitt år

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er deilig med stadfestinga, seier Thea Hjelmeland.

Ho sit på kafeen Pikant i Førde. Byen er svøpt i ei grå skoddedyne, bakken er dekkja av ei sørpe av snø og is, og det regnar sidelengs. Det er med andre ord førsjulstid i artistens heimby.

For sogningar og fjordingar har Thea lenge vore eit kjent andlet. Ho har spela konsertar sidan ho var 13 år, men det er først i 2014 at 27-åringen har nærma seg å bli allemannseige.

Først kapra ho bergenske hjarte med sine tolkingar av John Olav Nilsen i teateroppsetnaden «Sånne som oss» på Den Nationale Scene. Deretter slapp ho plata som fekk meldarane til trille femmarar og seksarar over ein låg sko. Når «årets beste»  no vert lista opp i landets redaksjonar, vakar Thea i toppsjiktet av fleire gjeve lister.

Ikkje noko hype
– Eg kjenner meg på plass. I årevis har eg arbeidd målretta og knallhardt, men først no byrjar det å bli synleg. Det kjennast riktig. Eg opplever det som ei stadfesting av fundamentet eg har laga, heller enn ein hype. Fallhøgda er ikkje stor, men heller eit resultat av arbeidet eg har lagt ned, seier ho.

LES OGSÅ: Grønt og etisk – også under juletreet

I desember vart Thea kåra til årets artist i heimfylket. Og det er ikkje berre stolte sambygdingar som har fått augo opp for artisten. Ho kan òg glede seg over to Spellemanns-nominasjonar, for beste indie-album og for beste tekstforfattar.

– Eg er så utruleg glad for nominasjonane, og særleg at det er to. Dette er noko eg har drøymt om sidan eg var lita. Far min er musikar og vi har alltid sett på Spellemann-utdelinga.

Eg er ikkje noko konkurransemenneske, men eg har frykteleg lyst til å vinne. Eg har jo stått foran spegelen med barbiedukka og øvd på ein slik augeblink. Sjølv om eg ikkje er ein dårleg tapar, så er talen allereie skriven, ler ho.

LES OGSÅ: Show i tunnelen

Mange små univers
Til grunn for nominasjonane ligg andrealbumet «Solar Plexus». VG nyttar ord som «instrumentell perfeksjon» og «stortalent». Dagbladet kallar Theas musikk popkunst, og BTs meldar fekk seg eit «godt slag i magen». Sjølv kallar Thea albumet «brutalt ærleg».

– Eg utfordra meg sjølv til å vere heilt ærleg med ideane som kom. Dersom songane bevega seg mot countrypop så let eg det skje. Bevega det seg mot ørkenblues, så køyrde vi på i den retninga. Resultatet vart at kvar song lever sitt eige liv og at plata består av mange små univers. Eg har vore brutalt ærleg i låtskrivinga, og eg har prioritert det risikable over det trygge. I tillegg er plata spela inn live med dyktige musikarar og ein god produsent. Live-innspeling tek lang tid, men opptaka pustar.

Frå eiga sorg til universelle kjensler
Saman med plata kom forteljinga om Theas sorg. Artisten valde å vere open om at arbeidet med «Solar Plexus» også var arbeid med kjenslene knytt til opplevinga av å bli mor for første gong og å miste sambuaren sin – på same tid.

– Musikk har vore eit verkty for meg sidan barndommen. Det er dit eg har søkt når eg følar at orda ikkje strekkjer til. I songane får eg puste att. Men det var utfordrande og brutalt for meg å vere så open. Eg er ein type som lukkar meg, og eg var var på kva og kor mykje eg ville dele, seier ho.

LES OGSÅ: Show i tunnellen

Historiane bak songane har likevel ikkje så mykje å seie, meiner artisten. Musikken er ikkje lenger hennar, den tilhøyrer lyttarane no.

– Og eg ønskjer ikkje å påverke lyttarane si oppleving av musikken. Heller håpar eg at dei etablerer sine eigne relasjonar til musikken. Dersom ein tenkjer at ein song berre handlar om artistens spesifikke opplevingar så snevrar ein inn opplevinga av musikken. Historier forandrar seg også undervegs. Songane handlar ikkje om det same i dag som dei gjorde i fjor, seier ho.

Artisten er takksam for at plata har rørt ved folk.

– For meg er ikkje plata sorgtung. Den er full av livskraft og handlar om å ta tak i ting. Eg valde å fortelje historia mi fordi det er snakk om kjensler alle kan kjenne seg att i. Liv og død er det mest naturlege i verda. Så sjølv om andre kan oppleve historia mi som spesiell, er den ikkje meir enn ein referanse til kjensler som er universelle. Eg trur ærlegdomen kan skape eit uvurderleg tillitsforhold til publikum.

LES OGSÅ: Slik får du ein nynorsk Øyafestival

Hikar etter intense møte
Og nettopp relasjonen til publikum er sentral for Thea. Kring jul og nyttår plar ho gjere ei form for sluttanalyse, fortel ho. Denne jula har ho tenkt litt på kva det eigentleg handlar om, alt det ho driv med. Konklusjonen er at artisten Thea Hjelmeland eigentleg ikkje er så viktig.

– Sjølvsagt er det eit mål å bli ein større artist og nå ut til fleire, men det handlar om noko meir enn det, seier ho.

– Eg har reist mykje og vart tidleg konfrontert med kor heldig eg er som er fødd inn i velferdsamfunnet vårt. Eg har eit problematisk forhold til overfloden vi lever i og eg har alltid kjent meg utilstrekkjeleg i møte med dei som har mindre. Samstundes druknar vi i ting og informasjon. Eg kjenner det sjølv, at eg lengtar etter det nære. Eg skrur stadig oftare mobilen i flymodus og legg dataen vekk.

– Å fortelje historier og syngje songar er ein urtradisjon som aldri vil døy ut, og gjennom musikken kan eg kanskje bidra med noko på eit elller anna vis. Difor handlar det for meg om å gi publikum den djupe opplevinga av musikk som eg sjølv har. Eg hikar etter skape kjensler av intens sorg og glede saman med publikum. Kanskje vert verda ein litt betre stad dersom fleire kjenner på desse kjenslene.

Men Thea kan ikkje klare det åleine. Ho er avhengig av publikum.

– Formidlaren og publikum gjer halve jobben kvar. Den energien, den spaninga som oppstår mellom oss, den er eg avhengig av for å få spele konsertar som folk vil kome på.

LES OGSÅ: Deler sine beste julegåvetips