Kunstprosjekt oppmodar deg til å synge angsten og ta opp ditt drøyaste skrik!

I prosjektet #makingsensetogether, ønsker kunstnar Ellen Ugelstad å utforske grensene mellom kreativitet, sjel og psyke. Og ho inviterer meg og deg til å bli med.

Beate Haugtrø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ta opp ditt drøyaste skrik!

– Vi har kanskje lett for å sjukeleggjere erfaringar vi har, seier regissør og kunstnar Ellen Ugelstad.

Ellen Ugelstad er aktuell med kunstprosjektet #makingsensetogether, og filmen med same namn. Foto: Gunhild Asting

I prosjektet #Makingsensetogether som blir lansert under Researcher’s night på Teknisk Museum i Oslo denne veka, oppfordrar ho folk i alle aldrar til å uttrykke seg gjennom tekst eller lyd. Som ein kontrast til å snakke om problem ein opplever.

– Det handlar om å ta makta tilbake og definere sine eigne opplevingar i staden for at andre skal sette ein merkelapp på det du opplever, forklarer ho.

Anna tilnærming enn å setje diagnosar og merkelappar

Ugelstad har sjølv levd mange år som søster til ein psykisk sjuk bror, og veit mykje om det å forhalde seg til helsevesen, psykiatri og dei merkelappane ho snakkar om.

Ho meiner at diagnosemanualen som set namn på psykiske lidingar i helsevesenet veks for kvar gong det kjem ei ny utgåve av manualen.

Vidareføring av filmprosjekt

Tidlegare i år kom ho med dokumentarfilmen Making Sense Together, som er ei samanfletting av fem forteljingar (vitnesbyrd) frå psykiatrien.

Kunstprosjektet som no blir lansert med same namn, er ei vidareføring av denne filmen.

Med prosjektet vil ho gi ei anna tilnærming til folk sine opplevingar, der dei kan uttrykke erfaringane sine heller enn å snakke om dei eller kategorisere dei.

Difor har Ugelstad og bildekunstnar Tonje Alice Madsen laga eit sett med oppgåver ein kan gå laus på.

Les også: Sofie Frost: – Det er så deilig å vere meir sint igjen

«Ta opp ditt drøyaste skrik»

«Ta opp lyden av der du er», «ta opp ditt drøyaste skrik», «del ein katastrofetanke», er tre av dei mange oppgåvene på nettsida.

– Det er veldig interaktivt, at publikum går i dialog med prosjektet. Dei blir aktive i det i staden for å berre gå og sjå, forklarer Ugelstad.

 

Ta opp ditt drøyeste skrik, er ei av oppgåvene du kan ta fatt på i prosjektet makingsensetogether.no

Fellesnemnaren er at alt handlar om psykisk helse. Men medan filmen reflekterer rundt temaet og har regissøren sin stemme, inviterer dei no publikum til å dele tankar og opplevingar, gjere lydopptak eller uttrykke seg på anna vis og laste opp bidraget til nettsida makingsensetogether.no.

– Det blir eit likt forhold mellom kunstnaren og dei som deltek når publikum sjølve er med og definerer prosessen, seier ho.

Til saman blir det eit stort felles kunstprosjekt som skal utforske psykisk helse.

– Korleis skal prosjektet brukast framover?

– Vi har ikkje heilt lagt alle planane. Men vi håpar å bruke det i samanheng med arrangement vi gjer i løpet av året. At det blir synleggjort på fleire plattformar, og at vi aktiverer publikum i bølgar. Så får vi sjå kva vi får av bidrag.

Les også: Stjernekamp-Ella: Å skrive musikk vart hjelp mot depresjonen

Omforme erfaringar til kunstneriske uttrykk

– Trur du det kan gjere noko med folk si haldning til psykisk helse?

– Eg håper folk får ei oppleving av å kunne omforme eigne erfaringar til kunstneriske uttrykk og at det kan vere ein fin måte å handterer det på, seier Ugelstad.

I midten av oktober, skal dei reise rundt med prosjektet i Den kulturelle skolesekken. Da skal ho besøke vidaregåande skolar i Oslo kommune. Neste år skal ho ta med prosjektet til Austfold. Da er psykisk helse og livsmeistring tema på dei vidaregåande skolane der.

Førstkommande helg besøker Ugelstad Bergen internasjonale filmfestival (BIFF), der ho viser filmen med same namn. Etter filmvisninga skal det vere panelsamtale i samarbeid med Psykologisk Studentforening der dei skal diskutere korleis ein kan motverke at systemet skapar avmakt hos pasientar, tilsette og pårørande.

Les også: Else Kåss Furuseth opna huset sitt for å førebygge sjølvmord

Ellen Ugelstad (1973)

  • Utdanna ved Academy of Art University i San Fransisco.
  • Jobbar med dokumentarfilm, foto, tekst og bildekunst.
  • Laga dokumentarfilmen Indian Summer – Du skal ha gode nerver for å være indianer (2011), om sin psykisk sjuke bror, Torstein. Filmen er nominert til fleire prisar, og vart vist som installasjon under Høstutstillingen 2012.
  • Har og laga kortfilmane Møterommet, om eit fiktivt pasientmøte i psykiatrien (2017), Den grønne dalen (2018), og dokumentaren Making Sense Together.
  • Er aktuell med både filmen og det interaktive kunstprosjektet Making sense together.

Kjelde: Wikipedia/Danvik FHS.