Nynorskfylket med konferanse om framtida til det norske språket

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Arrangøren, Nynorskfylket Sogn og Fjordane, er eit forum for ulike organisasjonar og institusjonar som er opptekne av å fremja nynorsk.

– Sogn og Fjordane er eit sterkt nynorskfylke og husar mange viktige språk- og kulturinstitusjonar. Vi vil vera med og ta ansvar for språket vårt, og difor ønskjer vi å sjå framover og diskutera løysingar og moglegheiter for norsk språk – og ikkje minst for nynorsk, seier assisterande fylkesdirektør for næring og kultur, Ingebjørg Erikstad, om bakgrunnen for konferansen.

Les også: Vil styrke nynorsken med omsetjingsrobot

Treng vi norsk?

Tilhøvet mellom norsk og engelsk i akademia, arbeidsliv og underhaldningsmedia er blant temaa på språkkonferansen. Treng vi norsk, eller er det greitt at engelsk fortrengjer norsk på desse områda? spør arrangørane.

Konferansen tek også opp stoda for bokmål og nynorsk, konsekvensane dersom språket vårt taper terreng på viktige område, og kva tiltak som eventuelt må setjast inn for å motverka dette.

Til å diskutera desse spørsmåla har arrangørane mellom anna fått med seg både kulturminister Trine Skei Grande, kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen, språkdirektør Åse Wetås og ei rekkje andre personar.

Les også: Strøymetenestene gløymer nynorsk