Fleire menn blir vernepleiarar

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dosent Carl Christian Bachke ved Universitetet i Agder seier til NRK at han trur delen berre vil fortsette å auke.

– Det er ikkje urimeleg å tru at om ti år så er nesten halvparten av vernepleiarane i Noreg menn, seier Bachke, som har forska på vernepleiarutdanninga i Noreg.

Les også: – Menn bør satse på omsorgsyrke

Sikker veg inn i arbeidslivet

I dag er berre éin av fem vernepleiarar menn. Men tal frå vernepleiarutdanningane ved studiestart i år, viser at trenden frå dei siste åra varer ved og fleire og fleire av studentane er menn.

Bachke fortel at på 60- og 70-talet var opp mot halvparten menn i yrket. Mykje på grunn av at ein trong sterke hender for å hjelpe ein del av dei pasientane som utagerte fysisk. Frå 80-talet og framover fall delen menn.

Bachke understrekar at vernepleiarutdanninga er ein svært sikker veg til jobb.

– Eg pleier å kalle det kinderegg-utdanninga. Det gir moglegheit for jobb i undervisningssektoren, helsesektoren og omsorgssektoren. Då snakkar vi hundretusenvis av arbeidsplassar rundt omkring i heile Noreg. Og det er eit enormt behov for arbeidskraft i dei sektorane, seier Bachke.

Les også: Framleis store skilnader i arbeidslivet