Noreg treng eit desentralisert tilbod til transpersonar


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

I desse Pride-dagar er det mange som slår eit slag for skeiv legning og ikkje-binære kjønnsuttrykk. Men det er ikkje nok å hugse på denne tematikken berre dei dagane og vekene norske byar arrangerer Pride-paradar.

Kjønn er ein sentral del av dei fleste menneske sin identitet. Men kjønn er ikkje naudsynt ein sett kategori frå fødsel av. Kjønn treng ikkje vere medfødd (biologisk) eller samanfalle med den binære opposisjonen mann/kvinne.

Ein type kjønnsuttrykk som ofte fell utanfor er transpersonar – menneske med ein kjønnsoverskridande identitet. Det offisielle talet for 2015 var at vi hadde om lag 25.000 transpersonar i Noreg. Kanskje er det store mørketal, sidan det framleis i mange situasjonar verkar som eit tabu å stå fram som transperson.

Og slik situasjonen er i dag, står desse menneska i stor grad utan eit adekvat helsetilbod.

Kjønn treng ikkje vere medfødd (biologisk) eller samanfalle med den binære opposisjonen mann/kvinne.

Behandlingsmonopol

I dag er det NBTS (Nasjonal behandlingstjeneste for transseksualisme) på Rikshospitalet i Oslo som har monopol på behandling av transpersonar. På nettsidene deira står det: «I Norge er det NBTS som er tillagt ansvar for å drive pasientbehandling for diagnosen transseksualisme».

Det er på sin plass å trekkje fram to problem her.

For det fyrste, er det rett å snakke om «diagnostisering» av legning og kjønnsidentitet? Nei!

For det andre, eit slikt behandlingsmonopol gjer at transpersonar som har fått kjønnsbekreftande behandling ved andre institusjonar, ikkje kan få behandling ved NBTS. Slik vert transpersonar stigmatiserte og marginaliserte.

Flyktningar

Det er også mange flyktningar, frå land der homoseksuell aktivitet er straffbart, som søker asyl på grunnlag av seksuell orientering eller kjønnsidentitet, som får sin søknad avvist.

Difor må vi jobbe for å auke kompetansen om seksualitet og kjønnsidentitet hos UDI og UNE.

LES OGSÅ: Snakk med oss, ikkje om oss

Desentralisert helsetilbod for transpersonar

Rikshospitalet sitt meinings- og behandlingsmonopol er skadeleg for menneske som opplever kjønnsdysfori (ubehag ved at kroppen sitt kjønn og oppleving av kjønnsidentitet ikkje samsvarar). Alle bør ha lik rett til helsehjelp til rett tid, uavhengig av kjønn, bustad og økonomi.

Difor treng Noreg eit desentralisert tilbod til transpersonar.

Alle bør ha lik rett til helsehjelp til rett tid, uavhengig av kjønn, bustad og økonomi.

LES OGSÅ: Ein fristad for trans* ungdom