– Følg alle ungdomspartia på Facebook

Åsmund H. Eikenes
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Følg alle partia på Facebook

Den siste veka har falske nyheiter på Facebook på nytt fått mykje merksemd, og av nokre også skulda for at Clinton tapte. Facebook-sjef Mark Zuckerberg er ikkje einig, men har likevel teke grep for å redusere spreiinga av falske nyheiter. Det same har Google gjort.

Barack Obama kommenterte nyleg stormen av falske nyheiter i sosiale medium under ein pressekonferanse i Tyskland:

Også i Noreg
Bente Kalsnes, stipendiat i medievitskap ved Universitetet i Oslo, trur at nettsider som produserer falske nyheiter også vil kunne bli ein del av den norske valkampen fram mot stortingsvalet i 2017. Ho ser likevel viktige skilnader mellom Noreg og USA.

FOTO: UiO, Bente Kalsnes

– Noreg er eit lite land, og lite språkområde, så eg trur ikkje at det vil finnast store økonomiske gevinstar ved å lage nettsider med falske nyheiter som gir reklameinntekter. Dersom det skjer, trur eg det vil vere politisk motivert, for å vri debatten i ein retning.

– Følg ungdomspartia
Å få eit variert innblikk i politiske spørsmål gjennom sosiale medium krev difor eigeninnsats. Bente Kalsnes har følgande råd til unge veljarar fram mot valet i 2017:

– Følg alle ungdomspartia på Facebook. Då får du lese breitt, og får sett deg inn i sakene frå fleire ulike synspunkt. Det er også viktig at du ikkje ventar til dei to siste vekene, men begynn tidleg, gjerne allereie no.

Målretta på Facebook
«Facebook og Twitter var grunnen til at vi vann denne greia.»

Sitatet kjem frå Donald Trump sin digitale direktør, Brad Parscale. Tysdag førre veke publiserte det amerikanske magasinet Wired ein grundig artikkel om Trump sin digitale valkamp.

Gary Colby, marknadsføringssjef i Det republikanske partiet i USA, skildrar strategien til Trump sitt team som «A/B-testing på steroidar». Ved å prøve ut ti tusenar av ulike versjonar av eit innlegg på Facebook (bilete eller video, kort eller lang tittel, med eller utan undertittel og liknande) var målet å nå brukarane med eit mest mogleg engasjerande innhald.

– Tradisjonelle media har rett og slett blitt knust av sosiale medium med Facebook i spissen, uttalte venture-gründer Even Aas-Eng, til Medier24.

LES OGSÅ: – Demokratiet vårt kan me ikkje ta for gitt

– Medievanane har endra seg
Samtidig med satsinga på Facebook har Trump aktivt nytta Twitter i valkampen, og engasjert mange veljarar gjennom 140 teikn. I eit nyleg intervju med 60-minutes uttalte den framtidige presidenten at han planlegg å halde fram med å bruke Twitter.

– Sosiale medium er ein integrert del av amerikansk valkamp, seier Kalsnes.

Ho fortel at Twitter og Facebook også blei brukt til å mobilisere veljarar og nå ut med informasjon i dei førre presidentvalkampane i 2008 og 2012. Noko av det som har endra seg sidan då Barack Obama stilte til val, er at fleire no nyttar sosiale medium for å lese nyheiter. Nesten halvparten av alle i USA les i dag nyheiter på Facebook.

– Medievanane til veljarane har endra seg. Mange følgjer også kandidatane på Facebook eller Twitter, og treng ikkje gå via tradisjonelle nyheitsmedium for å få vite kva kandidatane meiner om ulike saker, seier Kalsnes.


Ifølgje FactCheck.org har aldri Donald Trump sagt dette til People Magazine.

Falske nyheiter
Nytt i år er volumet av falske nyheiter som har sirkulert i sosiale medium. Nettavisa BuzzFeed News publiserte onsdag førre veke tal som viser korleis ekte og falske nyheiter har skapt ulikt engasjement på Facebook.

I dei siste tre månadane fram mot valdagen 8. november var det meir Facebook-engasjement rundt oppdikta nyheiter frå falske nettaviser enn rundt faktiske nyheiter frå dei største avisene i USA. Dei var altså meir delt, likt og kommentert.

Ei av dei oppdikta historiene som sirkulerte, var at pave Frans hadde erklært si støtte til Donald Trump. Det har han i røynda aldri gjort. «Nyheita» kom frå «WTOE 5 News», ei falsk nettavis som sannsynlegvis var sett opp for å skape annonseinntekter.


Bilete: BuzzFeed

KOMMENTAR: Er journalistikken død? Ikkje høyr på rykte!

Meir komplisert kjeldekritikk
Som forskaren Zeynep Tufekci påpeikar i ein mykje delt artikkel i New York Times: Truverdige nyheitskjelder er ikkje merka på nokon måte, og i Facebook-straumen ser ein falsk artikkel frå WTOE 5 News heilt lik ut som ei sann historie frå Washington Post. For lesaren kan det difor vere vanskeleg å skilje det eine frå det andre.

Tufekci peikar også på at problemet med falske nyheiter blir forsterka av algoritmane som styrer kva som dukkar opp i Facebook-straumen. Dei gjer at du helst skal få sjå innhald som det er sannsynleg at du trykkar «likar» på – altså innhald du er samd med frå før.

I sommar blei også algoritmane endra slik at artiklar som er delt av nettaviser er prioritert ned, medan innhald delt av vener og familie er prioritert opp.

Stipendiat Bente Kalsnes peikar på det same:

– Kjeldekritikk har blitt meir komplisert. Det er svært mykje informasjon å ta inn over seg, og det er meir vanskeleg å vurdere kven avsendaren er. Medielandskapet er meir uoversiktleg.

KOMMENTAR: Kunne pressa ha stoppa Trump?