Spellemann-vinnar brukte takketalen til Israel-kritikk

Jouska nytta taletida etter å ha vunne Spellemannpris i elektronika-kategorien til å kritisere Israel og Spellemann-sponsor Pepsico.

NPK-NTB/Andrea Nøttveit
Publisert

Jouska gjekk saman med Hudkreft, som er nominert i rockeklassen, saman for å samle inn underskrifter til eit opprop mot at Pepsi sponsar Spellemann-utdelinga

– Ta medvitne val som forbrukarar

Begge dei to i gruppa var ikledde palestinaskjerf då dei tok imot prisen. Først vart det takka til folk som har bidrege til plata «Suddenly My Mind is Blank».

– Eg kan jo ikkje stå her utan å adressere folkemordet som går føre seg i Palestina akkurat no, sa Marit Othilie Thorvik i gruppa så før ho las opp ei forklaring rundt oppropet og ein appell.

– Til slutt vil eg berre oppmode alle som er her, til å halde fram med å engasjere seg, lese, lære, dele, donere, ta medvitne val som forbrukarar, og ikkje minst vere eit medmenneske. Ikkje lukk auga, for du kan utgjere ein forskjell. Tusen takk. Fritt Palestina, avslutta ho.

Med seg fekk banda ein hærskare artistkollegaer – frå Girl in red, Dagny, Cezinando og Arif via Bausa, Carina Dahl, Stein Torleif Bjella, Kjartan Lauritzen, Ingebjørg Bratland og Marius Neset til Lise Davidsen og Det Norske Solistkor.

Artistane girl in red, Kjartan Lauritzen, Dagny, Arif og Lars Vaular er blant dei spellemannsnominerte som har skrive under på oppropet mot Pepsi si sponsing av prisen.

Bakgrunnen er ifølgje oppropet at Pepsi i 2018 kjøpte det israelske selskapet Sodastream, beskrive som eit av boikott-rørsla BDS’ mest sentrale objekt. Dei er også medeigarar i eit anna boikottobjekt på BDS-lista, Sabra hummus.

Pepsico: – Uriktige påstandar

Pepsico svarar på kritikken frå oppropet i ein e-post med ei utsegn frå talspersonen sin:

«Vi registrerer at det verserer påstandar om Pepsico og våre varemerke som er uriktige – og dei byggjer på feilinformasjon. Pepsico har drive verksemd i Midtausten i meir enn 70 år og har no titusenar av tilsette i regionen. Verken Pepsico eller varemerka til Pepsico er knytt til, eller støttar, noko statleg eller militær styresmakt i denne konflikten. Me er sterkt opptatt av tryggleiken og velværet til alle i desse lokalsamfunna, og er forferda over dei valdshandlingane og den lidinga som skjer der. Vi har gitt millionar til dei som lir i regionen, og vil halde fram å bidra.

Pepsico er eit globalt mat- og drikkekonsern som finst i 200 land og territorium, inkludert Noreg, og me er stolte av å vere ein del av kulturarrangement som fører folk saman.»