10 Tinder-dates – og kva eg lærte av dei

Andrea Nøttveit gir deg sitt år på Tinder – ei mørk forteljing frå kjærleikens oppvaskkum.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 03.02.2020 15:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

10 Tinder-dates

Før eg fekk meg Tinder skulte eg begeistra og fascinert over skuldra på venene mine, og såg korleis dei sveipa anten til høgre eller til venstre (mest det siste). Appen har på kort tid skapt ein heilt ny datingkultur her til lands. For er det nokon som nokon gong har blitt bedt på date av ein framand i Noreg?

Med liv og litt lyst kasta eg meg inn i online-dating-marknaden. Det gjekk som det måtte gå, så for at ikkje alle skal gjere dei same feila som meg i året som kjem, får du her lærdommane frå mine 10 mest minneverdige dates. Sjå på det som dei nesten-offisielle datingvettreglane.  

1. Seglaren – ein langreist date
Eg visste det ikkje då, men Tinder er proppfullt av unge, (nesten) lovande menn som spør: «Skal vi reise verden rundt sammen?» Denne fyren verka sjøvant og søkte no reisefølgje over Atlanteren – om ei veke(!). Etter nokre praktiske meldingar fram og tilbake vart det telefonintervju (yrkesskade) om reisedetaljane.

Rusa på tanken om mitt livs eventyr hoppa eg på toget for å synfare båten. Det var ein merkeleg praktisk date, som byrja med at han henta meg i ein bil full av verktøy og panteflasker, før eg dilta etter han gjennom Clas Ohlsson. Båten var fin, men bokhylla var noko einsretta: Segling, segling, segling, «Dating på norsk», segling, segling… (Han hadde fått boka i gåve frå mor si.) Seglaren kunne heller ikkje garantere at eg fekk plass heile vegen, og sjøsjuk som eg blir måtte eg innsjå at dette var heilt hinsides.

Lærdom: Tinder er IKKJE til for å finne reisefølgje, same kor mange som påstår det.

sailboats

2. Eivind frå Etterstad
Mannen frå Etterstad var atskilleg meir tradisjonell. Allereie under første daten lurte han meg til å ta i skjegget sitt. Det vart ein ny date, men då han erklærte at han pensjonerte Tinder og ville «sjå korleis dette utvikla seg», skjøna eg at det var riv ruskande likegyldig for han kven det var dette utvikla seg med.

Lærdom: Ser etter noko seriøst = heilt ukritisk.

3. Prestesonen
For å klara å velja i mangfaldet av menn som dukka opp, prøvde eg ei stund å berre ”like” dei som heitte André. (Nesten mitt namn.) Dette gav meg ein presteson frå Sørlandet, som nokså overraskande drakk seg til mot før me møttest. Det var ikkje akkurat magi, men denne daten gav meg trua på at alle datar har ein verdi. André fortalde nemleg at preste-faren ein gong hadde vigsla ein mann som heitte Hans Lem. (Om historia er sann, er eg slett ikkje sikker på.)

Lærdom: Eg er litt usikker, men ikkje drikk deg til mot.

4. Nerden
Når eg ser over Tinder-likesa mine er det eit breitt spenn i typar: frå urbane og hippe til streite friskusar. Og ein og anna nerd. Nerdane er visstnok dei som kjem best ut av det til slutt. Ifølgje komikar Ali Wong bør alle jenter som er klare for å bli vaksne slutte å date skaterar, og i staden finne seg ein nerd.

Det kom ikkje fram på melding, men det viste seg at nerden eg fann snakka uproposjonalt høgt ute blant folk. Er det ein ting du ikkje vil på Tinder-date, så er det å påkalle ekstra merksemd. Eg krympa meg på andre sida av bordet, men kunne ikkje akkurat hysje på han. Det blei med den eine nerden/daten.

Lærdom: Finn ein plass som ikkje er heilt stille, men har passeleg støynivå!

5. Sivilingeniøren
Framleis på leit etter dei gode, trygge typane fann eg ein raudhåra (eit pluss) sivilingeniør (greitt å ha) med allvêrsjakke (friskus) som verka grei. Då han i tillegg føreslo middag, vart eg imponert. Men det er første og siste gang. Mat på date funkar ikkje! Det øydelegg praten og det er sjukt frustrerande når servitøren tek vekk maten, fordi ingen vågar å ete opp. Eg var jo svolten!

Lærdom: Ikkje gå svolten på date!

6. Den usikre
Det første han gjer når han tar av seg lua er å konstatere det openberre: «Eg er skalla.» Heilt sidan eg høyrte Frank Kjosås syngja «Eg har klina med ein skalla mann», har eg hatt det på bucket-lista. Eg synest skalla menn kan vere like flotte som ein skikkeleg løvemanke, MEN du må bere det som ein mann. Det viser seg veldig fort at han har store kompleks for hårtapet sitt, og fortel at han har prøvd hestekurar som etsar skallen og vurderer hårtransplantasjon. Det er heilt greitt å vere skalla, men ikkje snakk om kompleksa dine før ølet er på bordet!

Lærdom: Just don’t.

7. The one who got away
Min beste date var ein tre timar lang kaffi i ein park på Løkka. Alle gode datar inneheld ein lang samtale om religion og IS, der me er einige om at verda er vanskeleg. Eg vart difor litt skuffa då han sletta meg nokre dagar seinare, sjølv etter at me hadde snakka om å møtast igjen. Min teori er at det er ikkje meg det er noko gale med, eg trur berre han var altfor nysingel.

Lærdom: Hen bør ha vore singel i eitt år.

8. Når du møter ein du har ghosta
Denne fyren kom eg i snakk med på ein fest. Då me byrja å snakke om kven me var og kor me kom frå, fekk begge ei uroa rynke i panna. Me hadde nemleg hatt akkurat den same samtalen på Tinder, før eg ghosta han. (Tinder-språk for å slutta å svara. Kan også bety å snike seg ut av ein fest. Same greia, i grunnen)

Lærdom: Du kan møte folk i det verkelege liv!

9. Spanjolen (Tinder på ferie)
Eg er skeptisk til Tinder i utlandet. Plutseleg får eg kjensla av at alle liker meg fordi eg er ei blond jente frå eit land som er kjent for å vere seksuelt frigjort. Men denne fyren (ein mørkhåra, brunøygd kjekkas med jobb i UNESCO) hadde så mykje spanande på hjarta et eg gjekk med på ein kaffi. Det vart ein tre timar lang spasertur med gelato.

Lærdom: Tinder på ferie kan funke som gratis guiding!

10. Juristen
Dette var ein av mine beste førstedatar. Me drakk drinkar og snakka om valdtekt og strafferett i mange timar. Kva er vel betre enn det? Rusa på det gode førsteinntrykket og lei av lange ølsamtalar, sa eg ja til å gå tur på andredaten.

Han fann ikkje noko nærare enn Gaustadtoppen, og då var me i gang. Etter tre timar i bilen hadde me snakka oss ferdig om laust og fast. Å sjå for seg ei natt i eit telt, tur/retur fjelltoppen, og så ein like lang biltur tilbake til Oslo dagen derpå var difor nedslåande. Me kom oss igjennom det – så vidt – og såg kvarandre aldri meir.

Lærdom: Det kan bli for mykje av det gode!

Og med det var eventyret mitt over for denne gong.

Godt nytt Tinder-år!

LES OGSÅ: Kva hadde skjedd om Julie var på Tinder?