NOKUT planlegg tilsyn av praksisplassar

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er i Studiebarometeret 2016, der 10.000 studentar har svart på spørsmål rundt si oppleving av praksisperioden, at bekymringane kjem til uttrykk, ifølgje Dagens Næringsliv.

«Langt de fleste studentene i materialet uttaler seg positivt om praksis, men gleden er ikke ubetinget. De fleste kommentarane har et «men», «imidlertid», «bortsett fra» og lignende formuleringer knyttet til seg», heiter det i ein fersk rapport frå Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT).

Rettleiarar med låg kompetanse

Studentane fortel om rettleiarar med låg kompetanse, obligatorisk og ulønt praksis i sommarferien, dyre reisevegar som må betalast frå eiga lomme, og tilfelle der dei sjølve må finne praksisplass utan hjelp frå utdanningsinstitusjonen.

Særleg blant sjukepleiar- og lærarstudentar er det mykje som ikkje synest å vere på stell.

Les også: Færre norske studentar tek heile studiet i utlandet

Var ikkje klar over at problemet var så utbreidd

– Vi visste at dette var eit problem, men ikkje at det var så utbreidd som denne analysen indikerer. Konsekvensen kan vere at studentane ikkje lærer det dei skal, seier direktør Terje Mørland i NOKUT til DN.

Mørland opplyser at NOKUT vil bruke rapporten som grunnlag når dei planlegg eit tilsyn.

– Både mogleg sviktande kvalitet på praksisen til studentane og mange indikasjonar på lovbrot bekymrar oss, seier Mørland.

Les også: Kunnskapsdepartementet vil auke utstyrsstipendet for dyre yrkesfag