HBO sin nye sketsjserie er vedunderleg og rar, og har ein sterk bodskap

Dubie Toa-Kwapong
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er vanskeleg å skildre HBO sin nye komiserie, Random Acts of Flyness. Serien, som hadde premiere 4. august, er skapt og regissert av Terence Nance. Nance er ein artist og filmskapar med røter i Houston, Texas og har tidlegare opplevd stor suksess med debutfilmen An Oversimplification of Her Beauty som vart produsert av Jay-Z og hadde premiere på Sundance-festivalen i 2012. Debuten var ein delvis-animert surrealistisk romantisk dramedie, som tok føre seg romantikken sine komplikasjonar og rolla fantasi spelar i desse.

Det vakre og det stygge

Den afrofuturistiske stilen Nance er kjend for ser vi igjen i Random Acts. Som i debuten, kombinerer Nance magisk realisme og komedie, og sin unike filmatiske tilnærming for å framstille både det vakre og det stygge med livet i Amerika i dag. Den fyrste episoden startar med ein sketsj der ein syklande Nance lagar eit opptak medan han blir konfrontert av ein politimann, sjølv om han ikkje gjer noko ulovleg.

I ein sketsj med Mad Men-skodespelar Jon Hamm, tek serien eit humoristisk oppgjer med kvite privilegium. Her er Hamm stjerna i ein reklame for ein krem som skal hjelpe med ein sjukdom som heiter «kvite tankar». Den fiktive sjukdomen vert skildra som «bedragersk i sin hugnad» for dei som lir av det, og at det ofte kan resultere i ustoppeleg politisk makt for sine «offer», uavhengig av kor dei ligg på sjukdomens spektrometer.

Klart for ny sesong

Serien tek òg føre seg gatetrakassering, og skapar ei verd der kvinner har makta til å skjerme seg mot dette. Det er monologar av folk med ikkje-binær kjønnsidentitet som fortel om sine kvardagar og håpa dei har for ei verd der dei ikkje berre eksisterer, men kan nyte livet utan frykt. Vi får òg sjå eit samfunn utan den noverande, tronge definisjonen av maskulinitet, der menn får uttrykke seg litt annleis.

Så langt er det berre tre episodar av serien som er lagt på HBO Nordic, men allereie har den vorte så populær at nettverket har bekrefta ein ny sesong etter denne. Det er ikkje tvil om at Terence Nance er eit eineståande talent med eit kunstnarisk synspunkt som utfordrar det vi trur vi veit om verda vi lever i. Random Acts of Flyness er berre byrjinga på dette.

Les om fleire tv-seriar her!