Ferrante-feber gir Samlaget størst vekst blant forlaga

Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 17.06.2017 09:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er stabilt i forlagstoppen når 2016 skal summerast, går det fram av Bransjestatistikken. Cappelen Damm og Gyldendal held dei to første plassane i 2016 som i 2015. Samla står dei to for over halvparten av boksalet i Noreg, skriv bok365.no.

Samlaget er igjen inne blant Noregs ti største forlag, og er det av dei ti største forlaga som aukar mest. På to år har Samlaget auka nettoomsetninga si med over 58 prosent – og marknadsdelen frå 1,1 til 1,6 prosent.

Ei viktig årsak til veksten er sjølvsagt suksessen til den mystiske italienske forfattaren Elena Ferrante, som har selt over 300.000 bøker i Noreg.

– I all hovudsak skuldast omsetningsauka Ferrante, men vi har jobba godt med bøkene og forfattarane våre i mange gode år no, seier Edmund Austigard, forlagsdirektør i Samlaget til nok365.no.

– Også Jon Fosses Trilogien og Agnes Ravatns Fugletribunalet har stått for godt sal desse åra. Vi har fleire bestseljande strikkebøker på forlaget som har seld godt over mange år og vi har også generelt god fart på alle bøkene for barn og unge, legg han til.

Vidare på lista er det Panta Forlag (Pantagruel) som utmerker seg. Ved å meir enn doble omsetninga frå 2015 til 2016, gjer Panta eit hopp frå 25. til 15. plass, skriv BOK365.no.

Lista omfattar medlemsforlag i Forleggerforeningen. Det betyr at det finst forlag utanfor foreininga – som Bastion og Juritzen – som ville blanda seg inn i Topp 20-samanheng.