Matjord – eit klimaspørsmål

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg meiner at matjord er det neste klimaspørsmålet, ja kanskje det viktigaste, seier forfattar og skribent Siri Helle.

Med støtte frå Fritt ord har ho gitt ut «Skal landet gro att? – Korleis berge norsk jordbruk» på Dreyers forlag.

LES OGSÅ: – Staten leikar med maten vår

Ei maratonjord
FN har kalla 2015 verdas jordvernår, medan 2014 var dedisert til familielandbruket. Smått og berekraftig vert av mange løfta fram som løysinga. Siri Helle er ein av dei.

– Det handlar fyrst og fremst om jorda, deretter kva ho kan produsera. FAO seier at om me held fram å gjødsla plantene framfor jorda vil ho ikkje halde meir enn 60-100 år til. Me forventar at jorda skal ha prestasjonsevna til ein sprintar og uthaldet til ein maratonutøvar, det seier seg sjølv at ikkje går, seier Helle, som vil ha meir kretslaupstankegong inn i næringa.

Sjølv er ho utdanna agronom ved Sogn Jord- og Hagebruksskule i Aurland – Noregs einaste økologiske landbruksskule.

LES OGSÅ: Kvar skal me få maten frå?

Gardsdrift – trass alt
Med jamn nedbygging av matjord og stadig færre bønder, ser ikkje framtida for norsk landbruk særleg lys ut. Sidan 1949 har talet på bønder i Noreg minka dramatisk. Den gong var det 213.000 bønder i Noreg, medan berre 43.000 leverte inn søknadar om tilskot i 2014.

– Dei små gardsbruka driv på trass, ikkje på grunn av den politikken som har vorte ført. Ein kan ikkje gjere som Frp, å seie at ein skal få med alle, men satsa på dei store, seier Helle, som likevel ikkje ser heilt svart på det.

– Eg er optimistisk. Men samstundes som me ikkje får meir jord, vert me stadig fleire menneske og treng meir mat. Å driva jordbruk i Noreg er ikkje lett og det skal det heller ikkje vera. Det er det som gjer det så morosamt, spennande og viktig, seier Helle, som òg peikar på at klimaendringane har nokre gunstige effektar på norsk jordbruk.

LES OGSÅ: Bønder viktige i kriser og beredskap

Senterpartiet og Listhaug
Dag og Tid-journalisten meiner norsk jordbrukspolitikk har vore på gal veg lenge og sparkar til både høgre og venstre. Listhaug imponerer ikkje, men ho er berre ei forlenging av politikken som mellom anna landbruksministrar frå Senterpartiet har drive før ho. Ein effektiviseringsprosess som lønar dei store og ikkje tek utgangspunkt i dei ressursane landet vårt har.

– Strukturrasjonaliseringa hadde noko for seg ein gong, men det har gått for langt, for lenge. Norsk jordbrukspolitikk er ikkje noka suksesshistorie, slår ho fast, stikk i strid med det bondeorganisasjonane har slått fast tidlegare.

Er det ein ting ho er litt overraska over i framlegget til årets jordbruksoppgjer frå landbruksministeren, så er det at endringane ikkje er større.

– Eg føler dei voldsame planane om endringar har drukna litt. Eg er heilt einig i at tilskotsordningane må reviderast, men det trengs ei heilskapleg revidering til – ikkje at ein kvart år ser kvar ein kan kutta, seier Helle, som heller ser at tilskota følgjer areala enn produksjonsnivået.

LES OGSÅ: – Listhaugs politikk trugar mattryggleiken

Jordbruksredde politikarar
Som mange andre smilar ho litt av det såkalla kantklippartillegget, som etter hennar meining ikkje har noko i eit jordbruksoppgjer å gjera. Meir alvorleg er det at kutta går på bekostning av tilskot til kulturlandskapstiltak.

Ho er òg uroa for at forslaget legg til rette for billegare kraftfôr og dyrare gras, noko som vil halde fram å favorisera ein produksjon lausriven frå norske ressursar. Når bonden har lang veg til beitet vert det billegare å fôre med kraftfôr.

Det er likevel nokre lyspunkt. At tilskota for gamle husdyrrasar har vorte forenkla og at mobile slakteri vert sidestilt med tradisjonelle slakteri tykkjer Helle er bra.

Helst skulle forfattaren sett at jordbruksforhandlingane vart flytta inn på Stortinget, slik at me får ein skikkeleg matprat.

– Det handlar om maten me et og er ein av dei største næringane våre. Politikarane vil ikkje ha det på Stortinget, for då vert det synleg kor lite dei kan om det. Me kan ikkje ha politikarar som ikkje veit korleis jorda vert brukt og maten produsert, seier Helle, som òg tykkjer det er bra at næringa sjølv får ta del i forhandlingane.

LES OGSÅ: Bondeleiar – Er det ein spøk?

Vil ha realistisk krav frå Bondelaget
Ho har likevel ei viktig oppmoding til bondeorganisasjonane.

– Bondelaget seier mykje fint og bra, men eg skulle ynskja dei klarte å presentera eit krav basert på norske ressursar. At dei såg konflikta som er mellom ressursane og effektivitetsnivået.

Helle vart overraska over at Bondelaget sjølv hadde slagordet «Færre, men sterkere» på 70-talet, og vil helst tru at denne tankegongen no har endra seg.

Ho ser heller at gardane vert mindre enn større, og trur at grunnen til at bondeorganisasjonane viser liten vilje til å gjere strukturelle endringar er risikoen forbunde med å satsa på noko nytt og ukjent.

– Det er mange som er interessert i å drive gard i ein mindre skala og tykkjer at den voldsame mekaniseringa kan verka litt avskrekkande, seier Helle og peikar på at det ikkje alltid er motsetningar mellom smått og lønsamt.

LES OGSÅ: Bøndene får meir å rutte med

Grønvaska mat
Listhaug kjempar for heiltidsonden, noko Helle meiner er ei avsporing. Det er vel å bra om fleire bønder kan vere bønder på heiltid ut i frå garden sine ressursar er det bra, men det er ikkje noko mål i seg sjølv. Ho ser heller for seg heiltidsbønder som opnar garden for besøkande eller tek ein større del av foredlingsprosessen sjølv.

I dag har me 130 ysteri rundt om i landet, kven skulle trudd det for 15 år sida? I tillegg har dei grisebøndene i Noreg som tenar best har krav om 200 kvadrameter per gris.

Helle er oppteken av etisk gardsdrift og vil ha meir medvitne forbrukararar, men då må dei ha tilgang på informasjon om kva tilhøve maten er produsert under.

– Det er så trist at eg nesten ikkje vil seia det, men det går lika mykje kraftfôr til å produsera ein kilo lammekjøt som ein kilo kylling. No skal det seiast at kylling er versting på soya og importerte råvarer i kraftfôret, medan kraftfôr til sau i større grad er basert på norske ressursar, forklarar Helle og legg til:

– «Nyt Norge» er eit klassisk eksempel på grønvasking. Der delar av næringa jobbar for eit realistisk bilete, annonserer dei med kosegrisar, påpeikar ho.

Framtida for norsk landbruk ser slett ikkje så koseleg ut, men Siri Helle meiner at det kan reddast – men det må ein stor snuoperasjon til.

LES OGSÅ: – Mat er ikkje dyrt i Noreg