Talet på overvektige studentar aukar

Nynorsk Pressekontor
Publisert
Oppdatert 19.10.2018 19:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Forskarane bak helse- og trivselsundersøking SHoT 2018 er litt overraska, men seier samtidig at utviklinga følgjer trendar i befolkninga elles.

I 2010 var 34 prosent overvektige og i 2014 var det 26 prosent som hadde ein såkalla BMI på over 25.

– På spørsmål om utfordringar knytt til eting, svarar 13 prosent at dei er misnøgd med sine etevanar, 29 prosent føler seg for tjukk og 14 prosent føler skuld ved eting. Særleg kvinner svarar at dei føler skuld ved eting og at dei føler seg for tjukke, seier leiaren for undersøkinga, Kari Jussie Lønning.

Les også: Norsk studie: Forskjell på fedme blant jenter og gutar

Dei fleste har det bra

SHoT 2018 er Noregs største studenthelseundersøking og blir utført på oppdrag frå studentsamskipnadane rundt om i landet.

Lønning understrekar at majoriteten av norske studentar svarar at dei har det bra. Dei aller fleste gir til kjenne god fysisk og psykisk helse, trivsel, ein økonomisk situasjon som dei handterer og ein bustadsituasjon dei trivst i. Også når det gjeld trivsel på studiestaden, så er det veldig mange som er fornøgde.

Les også: Å halde kvarandre i hendene kan dempe smerte