Lettare å ta kontakt med mobbeombodet på Snapchat

Då ho fann ut at mange av dei ho var ombod for ikkje visste at ho eksisterte, oppretta mobbeombod Mari-Kristine Morberg Snapchat-konto.

Beate Haugtrø
Publisert
Oppdatert 05.02.2018 12:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Utanfor Snapchat er det mest skolar og foreldre som tek kontakt med meg. Etter at eg kom på Snap, så er det mange fleire unge som tek kontakt, seier Mari-Kristine Morberg.

Ho er mobbeombod i Hordaland, og er der for å hjelpe og rettleie om lag 18.000 elevar på vidaregåande og 5000 lærlingar når det trengst.

Etter at ho i to år hadde vore mobbeombod i ei prøveordning i Fylkeskommunen, hadde dei ei evaluering. Då fann dei ut at mange av elevane og lærlingane rett og slett ikkje visste at ho eksisterte. Det ville ho gjere noko med.

Les også: Mobbeombodet blir fast ordning

Lågare terskel for å ta kontakt

– Eg hadde tenkt på det lenge. Det er der nordmenn, og særleg ungdommane, er. Eg tenkte at det er ein nyttig kanal, seier Morberg.

Då ho byrja å bruke Snapchat-kontoen aktivt i januar, var det mange som la henne til på kort tid. Og ho opplever at det er ein annan terskel for å ta kontakt.

– Spesielt i starten var det mange ungdommar som tok kontakt for å spørre om eg er der, om eg har tausheitsplikt, og rett og slett for å opprette kontakt.

I tillegg til at dei tek kontakt om alvorlege problem og mobbing, så får ho òg fleire meldingar der dei spør om råd.

– Dei spør om kva som er normalt, og om kva dei skal gjere i forskjellige situasjonar, seier ho.

Les også: No kan alle fylka søke om å få eit mobbeombod

Mange opplever å bli ekskluderte

På Facebook har ho mange vaksne følgarar. Ho trur at snap gjer det lettare å bruke for ungdom fordi det er meir anonymt.

Snapchatkontoen bruker ho til å informere om rettar elevane har, koss dei går fram om dei treng hjelp, om kva andre plassar ein kan finne informasjon. Det gjer ho gjennom bilde, tekst, og film.

Ho fortel at mykje av problema elevane og lærlingane opplever handlar om utestenging og det å bli ekskludert frå klassa. Nokre opplever truslar og at mobbing blir filma og spreidd på sosiale medium.

– Det er nesten alltid ein digital bit involvert i problema, seier ho.

Kjennast viktig og riktig å vere til stades

Korleis vil du oppsummere den første månaden på Snapchat?

– Det er gøy. Eg kjenner på at det viktig og riktig å vere til stades. Og folk er positive. Eg får tilbakemelding på ting eg legg ut.

– Og nokon gongar er det litt utfordrande, legg ho til.

For ein snapchatkonto er åpen heile døgnet, og eit mobbeombod er ikkje på jobb heile døgnet. Men ho prøver å sjekke kontoen kvar morgon, og då hender det ho blir møtt med eit «hei!» eller eit «god morgon».

– Det er jo koseleg, seier ho.

No vurderer Hordaland fylkeskommune å utvide mobbeombodet til å også gjelde barnehagar og barneskolar. Om det blir vedtatt, er ordninga på plass frå august i år.