Historisk vedtak om utsleppsfrie fjordar

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vedtaket vil gje positive ringverknader for lokalfolkesetnad, turist- og reiseliv, miljø- og klima, og for maritim bransje.

– For første gong i verda kjem det krav om utsleppsfri innsegling i fjordane og hamnene der. Noreg har lenga leia an i verda med utsleppsfrie ferjer drive fram av gode politiske vedtak om nullutsleppskrav. No tek me eit nytt steg innanfor det grøne skiftet til sjøs, som gjev global gjenklang. Nasjonalt vil dette gje verdifull utvikling av utsleppsfrie løysingar på mange turistskip, me kuttar store klimagassutslipp, og me hindrar skadeleg lokal luftforureining, seier leiar i miljøstiftinga ZERO, Marius Holm i ei pressemelding.

Godt høve for maritim næring

Næringslivsklyngeleiar Hege Økland ser store moglegheiter for den maritime næringa i det grøne skiftet. Arkivfoto: Tora Hope

Den maritime industrien jublar òg for vedtaket. Dagleg leiar i næringsklynga NCE Maritime CleanTech, Hege Økland, seier vedtaket får mykje å seia for bransjen.

– Bruk av den offentlege innkjøpsmakta i ferjeanboda, der det blir stilt strenge krav til energieffektivitet og utslepp har gjort at Noreg har ein verdsleiande maritim leverandørindustri på låg- og nullutsleppsløysingar. Dette vedtaket kan sikra industrien vår posisjonen sin innanfor dette området, slik at norsk næringsliv blir styrkt, arbeidsplassar blir skapt og at me kan bidra til gode løysingar globalt, seier dagleg leiar Hege Økland i ei pressemelding.

Kystruteaktør på offensiven

Havila Holding AS, den eine av aktørane som skal segla Kystruta mellom Bergen og Kirkenes frå 2021, meiner det er fullt mogleg å segla utsleppsfritt i dei norske fjordane innan få år.

– Havila helsar vedtaket velkomen, for ikkje å seia velkomen etter. Me skal vera klåre til å segla utsleppsfritt i fjordane allereie frå 2021, seier administrerande direktør Per Sævik i Havila.

Jubel i Geiranger

Dei norske fjordane er ein stor og ettertrakta turistattraksjon, og ein av dei meste vitja fjordane er Geirangerfjorden i Møre og Romsdal.

I fjor hadde Geiranger over 300.000 cruisepassasjerar i året, og den store trafikken har ført til at høg luftforureining er blitt eit stort problem både for turistar og fastbuande. Målingar viser at luftforureininga i bygda i periodar er så høg at det kan vera helseskadeleg.

– Turistane kjem for å sjå rein natur, ikkje fjordar fylt av eksos. Noreg har òg eit internasjonalt ansvar for å forvalta verdsarvområda våre. Me har lenge etterlyst konkrete tiltak, og er difor veldig glade for dette vedtaket om utsleppsfrie fjordar, seier direktør i stiftinga Geirangerfjorden Verdssarv, Katrin Blomvik.

Utsleppsfrie turistskip er allereie ein realitet, noko den nyleg ferdigbygde heilelektriske turistbåten Future of The Fjord sin er eit døme på. Foto: Brødrene Aa

Fornybar framtid

Vedtaket inneber i praksis at alle turistskip som går i trafikk langs Noregs kyst allereie frå i dag må planleggja for utsleppsfri innsegling. Eksisterande skip må tilretteleggjast for elektrisk framdrift med batteripakkar og/eller hydrogen. Fleire nye skip har, eller planlegg slike løysingar. I tillegg må det tilretteleggjast med landstraum i hamnene slik at skipa kan lada når dei ligg til kai.

Utsleppsfrie turistskip er allereie ein realitet, noko den nyleg ferdigbygde heilelektriske turistbåten Future of The Fjord sin er eit døme på. Han er bygd i Hyen av Brødrene Aa, og skal brukast i turistverksemd på strekninga Gudvangen-Flåm i Nærøyfjorden, som òg er ein verdsarvfjord.

Vedtaket Stortinget fatta i dag lyder som følgjer:

«Stortinget ber regjeringa implementera krav og reguleringar til utslepp frå cruiseskip og annan skipstrafikk i turistfjordar og dessutan andre eigna verkemiddel for å sørgja for innfasing av låg- og nullutsleppsløsninger i skipsfarten fram mot 2030, herunder innføra krav om nullutslepp frå turistskip- og ferjar i verdsarvfjordane så snart det er gjennomførbart, og seinast innan 2026.»