Meiningsmåling: Folk er splitta i synet på heildagsskule og leksefri
Mens 42 prosent av dei spurde meiner det bør bli slutt på lekser og innførast heildagsskule meiner like mange at dagens ordning bør fortsette.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Det viser ei spørjeundersøking Ipsos har utført for Dagbladet. Totalt sett er det like mange som vil ha heildagsskule med leksefri som det er som vil at lekseordninga bør fortsette som i dag i grunnskulen. Rundt 16 prosent svarar at dei er usikre på kva dei meiner om saka.
I aldersgruppa 30–39 år, som kanskje kan forventast å ha flest foreldre med barn i grunnskolealder no eller i kommande år, er det fleirtal for leksefri og heildagsskule, med 51 prosent.
Spørsmålet rundt kva som er best, splittar også politikarar og fagekspertise. I Noreg har SV nedfelt heildagsskule i sitt program og vil ta opp leksefri skule til hausten.
Skuleforskar Thomas Nordahl seier til Dagbladet at det framleis er lite forsking på effekten av leksehjelp og heildagsskule. Han meiner lekseordninga bør bestå, men forbetrast. Han påpeikar at det er fleire faktorar som skal til for at lekser skal fungere: Dei må ikkje ta for lang tid, det må vere lekser i noko eleven har vore gjennom allereie, og det må vere sannsynleg at eleven klarer det på eiga hand.
Det går ikkje fram av artikkelen i avisa kor stort utvalet i undersøkinga er eller når den vart gjort.
Les også: Ungdommen vil gjera lekser
Les også: Jublar over leksefri-ja