Ungdommen vil gjera lekser

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ungdommen nektar leksefri

Saka var først publisert i Ryfylke.net. 

Som Ryfylke skreiv i førre veke skal Sauda kommune vurdere å starte leksefri skule frå og med hausten av etter innspel frå to foreldre. Målet er å få til eit politisk vedtak i mai eller juni. 

I går, måndag, var saka oppe til behandling i ungdomsrådet. Der blei det einstemmig vedtatt at ungdomsrådet er imot ein leksefri skule. Nyvald leiar, Simen Hansen Lunde, meiner mykje kan løysast med prioritering av tid blant ungdommar.

– Når ein kjem heim frå ungdomsskulen, set ein seg gjerne framfor skjermen, et middag og går etter kvart på trening før ein blir sittande med lekser seint på kvelden. Då kan ein til dømes gjere lekser istadenfor å sitte på dataen, seier Lunde.

Det er ikkje alltid mogleg for elevar å gjere lekser på ettermiddagen. Ein kan trenge hjelp frå foreldra som kanskje ikkje kjem heim frå arbeid før det er kveld. Ei anna utfordring er heimar der foreldra har vanskeleg for å hjelpe.

LES OGSÅ: Droppa lekser – fekk rekordhøge karakterar 

– Då bør dei nytte seg av leksehjelpa som er etter skuletid. Me veit at det i dag er leksehjelp for 5.-7. klasse, og me har fått opplyst at det også er på ungdomsskulen. Vår oppmoding til vidaregåande er at dei kan tilby leksehjelp. Lekser er vanskeleg for mange.

– Kvifor vil de då ha lekser og ikkje lenger skuledag?

– Me meiner at lekser gir best effekt. Eg sjølv veit at eg lærer mykje av å gjere lekser heime etter ein liten pause frå skulen, og sånn føler heile rådet det, svarer leiaren av ungdomsrådet.

LES OGSÅ: Gutar får dårlegare karakterar med lekser