Fylkesmannen seier det er greitt at kommunestyre kan pålegga skulane å ha leksefri.

mm

Elevane i Voss er eitt steg nærmare leksefri.

– Kjempefint, seier Eirik Gjerdåker (14) ved Voss ungdomsskule.

Her fortel han korleis det starta:

– Det byrja som eit lite problem i klassen vår. Nokre i klassen gjer ikkje leksene sine. Det gjer at læraren bruker mykje tid på å gå gjennom leksene. Me bruker meir tid på å gå gjennom leksene enn me bruker på å gjera leksene. Det gjer at me går i minus på tid.

– Då er det betre å bruka tid på å jobba med stoffet i timane som berre varer 45 minuttar, forklarer Gjerdåker til Framtida.no.

I vinter diskuterte dei saka i niandeklassen hans, og Eirik reiv ei side ut av kladdeboka og byrja underskriftsaksjon.

Dei samla inn over 300 underskrifter. Det er nok til eit innbyggjarinitiativ. Det gjer at kommunestyret må handsama saka, fann Gjerdåker ut etter litt research.

Berre to prosent veit kva innbyggjarinitiativ er. Les meir om korleis du kan setja dagsorden!

Lovleg vedtak
10. mars i år stilte kring 30 elevar frå Voss ungdomsskule opp i kommunestyret. Med seg hadde dei sjølvlaga plakatar. «Nei til lekser», «Lekser øydelegg fritida» og «Slutt på lekser gjev motivert elevar» var nokre av kampropa, ifølgje Avisa Hordaland som følgde møtet. I debatten var dei fleste politikarane på talarstolen mot leksefri skule.

Sigbjørn Hauge (Sp) fremja eit forslag om ei prøveordning på leksefri skule, der detaljane kring dette skal avgjerast i Utval for Levekår. Dette forslaget fekk fleirtal med 23 mot 20 røyster.

– Det som var litt dumt, var at Høgre etterpå prøvde å gjera vedtaket ulovleg, fortel Eirik Gjerdåker.

Fleire folkevalde frå Høgre klaga nemleg vedtaket inn for Fylkesmannen.

I går melde Kommunal Rapport at Fylkesmannen i Hordaland seier det er greitt at kommunestyre kan vedta leksefrie skular.

– Eg synest vedtaket til Fylkesmannen er respektlaust overfor lærarane og dei som sit med det pedagogiske ansvaret i kommunen, seier gruppeleiar for Voss Høgre, Iril Schau Johansen, til avisa.

LES OGSÅ: Droppa lekser – fekk rekordhøge karakterar

Håpar på forsøk
Lærarorganisasjonane på Voss har protestert mot vedtaket om forsøk med leksefri. På Voss ungdomsskule sit rektor Camilla Fines Aronsen og planlegg skuleåret.

– Her blir det etter planen lekser frå skulestart, seier ho.

Eirik Gjerdåker håpar det blir forsøk med leksefri allereie dette skuleåret, og håpar Utval for levekår vil ta opp saka snart.

LES OGSÅ: Foreldre organiserer seg mot lekser

Marie Stalheim (SV) vil prøva ut leksefri i stor skala i Voss-skulen. Foto: SV

– Må prøvast ut i stor rimeleg stor skala
– Nesten alle ungdommane på Voss Ungdomsskule engasjerte seg i saka, og då meiner eg det er viktig å ta dei alvorleg og behandla saka ordentleg.

Det seier Marie Stalheim (SV) i Utval for levekår i Voss

Ho meiner det er ein fin ting å prøva ut leksefri.

– Kanskje ikkje full rulle med ein gong der alle får leksefri heile tida, men eg tykkjer det burde prøvast ut i ein rimeleg stor skala. Å starta med det no til hausten blir kanskje litt knapt med tid. Viss dette skal gjennomførast må ein få lagt inn timar nokre dagar i veka på skulen som går med til lekser, seier ho til Framtida.no.

KOMMENTAR: Gode grunnar til å faktisk gjera lekser

Mest sannsynleg neste skuleår
Stein Helge Mandelid (Ap) er leiar for Utval for levekår i Voss.

Han seier til Framtida.no at saka vil koma opp til hausten.

– Mange tenkjer at det vil vera oppstart på Voss ungdomsskule, men det er ikkje sikkert. Det var kjempeflott at elevane der engasjerte seg og fekk opp saka. Men det er viktig at skulane er  interesserte i å vera med på å eit forsøk. Først må me høyra kven som vil bli med, seier han.

– Det er fleire vegar til målet om meir læring. Det kan løna seg å testa ut leksefri.

Mandelid er sjølv lærar i barneskulen. Han utelukkar leksefri for dei yngste:

– Å kutta ut lekser for dei yngste, ville vore ei katastrofe. Lesinga dei gjer med foreldre er heilt avgjerande, seier han.

Han peikar òg på at lekser for dei eldre elevane er ein viktig måte å halda kontakt mellom lærarar og foreldre.

LES OGSÅ: Gutar får dårlegare karakterar av lekser

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.11

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE