Iver har gått Noreg på langs: Vandrar med freidig mot

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka vart først publisert på mre.no.

– Det går framover, steg for steg. Eg veit ikkje kva skrittlengda er, men oj-oj-oj, det har blitt mange, ler Iver, når han på tampen av turen slår av ein prat med Møre.

Netthinneløysning

Det var rundt jul Iver bestemte seg for å leggje ut på gåturen langs Noreg. Det vil seie, det var ein draum han hadde bore på lenge, heilt sidan han var 16 år. Men samtidig som han bestemte seg, fekk han påvist netthinneløysing på auget. Iver måtte operere og turen vart nesten avlyst.

– Eg måtte vere veldig forsiktig med fysisk aktivitet, så det såg ut til at det vart for risikabelt med ein slik tur. Men no er eg nesten i mål og netthinna sit på plass, smiler den positive vandraren Iver.

Om lag ti år har gått sidan Iver først tenkte tanken om denne turen. I ein alder av 25 år følte han at stjernene la seg på linje for at turen kunne bli gjennomført. Det som stoppa han før var dei daglegdagse tinga i livet med skule og jobb, helse og kjærast.

Les også: Vi fjernar oss frå naturen sånn at vi blir sjuke

April start

Klar til start ved Lindesnes fyr. Iver seier at ‘nødprovianten’ på kroppen raskt datt av då han starta turen. (Foto: Iver S. Viddal)

Iver byrja å gå den 14. april i år. Han starta ved Lindesnes fyr og forventa å bruke mellom tre og fem månadar.

– Eg tok ei lita kalkulering på at eg ikkje var ein toppatlet då eg starta, og var i dårlegare form enn andre som har starta turen. Men det er klart, ein kar på 25 år er ein i sin beste alder. Og det taler for at ein skal kunne utsetje kroppen for ganske mykje. Eg har brukt omtrent fire månadar på å nå Nordkapp.

– Korleis har det vore å gå denne turen? 
– Det har vore spesielt. Eg har vore mykje vekk før, men det blir noko heilt anna når du berre går og du ser nye folk, ny natur og høyrer nye dialekter. Rett og slett total fridom. Det er ein merkeleg følelse.

Overnattingane har variert desse fire månadane. Iver har sove i telt, budd i campinghytte og nokon netter på hotell.

– Men det har vore mykje overnatting på Den norske turistforeining (DNT) hytter, der det har vore tilgjengeleg. Det har vore heilt fantastisk og rimeleg.

Les også: Fleire og fleire trivst i hengekøye

Favorittplass

Når Møre spør kva den beste plassen Iver har vore innom blir han stille eit lite augeblikk. Så seier han:

– Eg trur faktisk at den beste plassen eg har vore var Sverige, ler han.

– Eg kom til Sverige etter litt dårleg vêr ei periode, og eg hadde sett lite folk. I Sverige vart eg overraska, der var flott natur og svenskane var hyggelege folk. Der var folksamt og eg vart invitert på middag hjå svenske samar og eg fekk prate med folk frå heile verda. Det vart rett og slett ei stor forandring og eit løft på turen. Eg vart i betre form helsemessig og vart klar for siste del av turen.

– Eg trur faktisk at den beste plassen eg har vore var Sverige.

– Har du vore ein plass du ikkje likte? 
– Kanskje den verste plassen var langs Lindesnes. Det var dårleg vêr og snø, triste omgjevnader og kroppen var i sjokk! Den andre plassen eg ikkje var særleg imponert over var Børgefjell. Der var dårleg vêr og ingen folk å sjå. Det var eigentleg den einaste gangen i turen der eg mista motet. Resten av turen har eg hatt motet i behald, uansett kor tungt det har vore.

Iver tykkjer dette er eit godt døme på hyttene til Den norske turistforeining (DNT). Turen hadde ikkje blitt den same utan hyttene og løypenetta deira, seier han. (Foto: Iver S. Viddal)

Iver peikar på at gjestfriheita vart større dess lenger nord han kom. Han vart oftare invitert på middag og fekk tilbod om husly. Til og med faren til dei landskjende jegertvillingane tilbaud Iver mat og overnatting og så mykje rullings han ville ha!
– Det er heilt spesielt her oppe i nord, ler Iver.

– Kva skjer med personlegdomen etter å ha gått langtur aleine? 
– Eg trivast i mitt eige selskap, og skal du gå ein slik tur så må du det. Men når ein då endeleg møter folk, så merkar eg at det kan bli ein del tullprat. Ein blir rett og slett glad for å kunne prate med nokon, det ligg nok i mennesket sin natur.

Les også: – Vi fjernar oss frå naturen sånn at vi blir sjuke

Ny person

Graffiti i den tidlegare gruvebygda Sulitjelma. Av alt Iver såg som ikkje var naturrelatert, var det dette som gjorde størst inntrykk. (Foto: Iver S. Viddal)

Fire månadar seinare og 18 kilo ned i vekt, har Iver kome til målet Nordkapp. Torsdag flyg Iver heim til Vartdal, der familie, kompisar og hunden ventar han. Turen har vore innhaldsrik og er fullført, sjølv om mange trudde han ikkje ville klare det.

– Eg trur at det eg har fått ut av turen veit eg best når eg har kommen tilbake til dagleglivet. Eg har lest på nettet at enkelte seier dei har blitt ein ny person. Eg veit ikkje det, men eg har hatt ein fin tur uansett. Eg trur eg vil få eit nytt perspektiv på ting. Eg tenkjer berre det å ha full tilgang til kjøkken, stove, varme og bil er ekstrem luksus. Ein blir vant til å leve utan, men det er utruleg praktisk å ha det.

No snur Iver sørover og heim til studiar. Det siste han vil gjere i Finnmark før han set seg på flyet er bestemt for lenge sidan:

– Eg satsar på å ta eit glas champagne og ein sigar. Så skal eg leggje ut litt skrytebilete i sosiale medium, ler den kjekke vandraren.

Les også: Yngste nordmann på toppen av Mount Everest