Fleire og fleire trivst i hengekøye: – Deilig å vere her ute

Beate Haugtrø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Klokka er ni om kvelden, og siste stråle av sommarsol har nettopp forlate vatnet på Oslos geografiske midtpunkt, Nedre Blanksjø. På austsida av vatnet mellom kvar sine tre rett ved vatnkanten, har Ragnhild og Mathilde slått seg til i kvar si hengekøye.

– Det er utruleg deilig å vere her ute, og ein veldig enkel måte å komme seg ut i naturen på. Det er berre å pakke sekken, ta med seg hengekøya og nyte det fine veret, seier Ragnhild Valstad.

Dei to venninnene er ikkje dei einaste som har slått seg til rundt vatnet denne kvelden. Tjue meter lengre bort har eit kjærastepar nettopp hengt opp hengekøyene sine. Dei ligg på berget og tørkar kroppane etter eit kveldsbad. Og på vestsida av vatnet har ein ensleg hengekøyegjest krope opp i køya for kvelden.

Ein aukande trend

Hengekøyene er overalt i marka, og oftare å sjå enn telt.

Sport 1-gruppa fortel at salet har eksplodert i år, og Gresvig, selskapet bak G-sport, G-max og Intersport, merkar òg ein auke i salet.

– Eg kan bekrefte at hengekøyer har kraftig vekst hos oss, spesielt dei to siste sesongane, og trenden er aukande, seier Fredrik Ljunggren, kategorisjef for Jakt, Fiske og Friluft hos Gresvig i ei pressemelding.

Trondheim Turistforeining melder òg at salet har auka veldig, og at det fort går tomt i hyllene.

Mathilde Wærstad t.v. og Ragnhild Valstad t.h. har campa for natta på Nedre blanksjø. Foto: Beate Haugtrøe.

Kva er greia med å sove i hengekøye?

– For det første er det sjukt digg å berre vere her ute og å ligge her og henge. Det er det deiligaste med heile greiene, å berre ligge her og svinge fram og tilbake, seier Mathilde.

Ikkje heilt trygt i køya: Ein svarttrast slapp sitt fornødne rett ned på køya til Mathilde medan ho prata med framtida. Foto: Beate Haugtrø

– Og så er det litt mindre «hassle» da, enn telt, og litt mindre å bere på, seier ho.

Ho søv aldri så godt som når ho ligg i hengekøya.

– Du slepp den bakken. Det er sånn 11-timars-netter der eg berre søv meg heilt bort.

Med hengekøya kjem dei òg til andre plassar enn der ein kjem til med eit telt.

– Det er ikkje så nøye om bakken er jamn, eller at du har eit godt underlag å ligge på, så du kjem og nærmare vatnet. Og det er veldig deilig, å vere i vatnkanten, seier Ragnhild.

– Og så slepp vi mauren, legg Mathilde til.

Les også: Vi fjernar oss frå naturen sånn at vi blir sjuke

Ein heil gjeng med hengekøyer

Det starta med at Ragnhild las ein artikkel om hengekøye og ønska seg det i bursdagsgåve. I fjor haust fekk ho hengekøya, og deretter fekk ho fleire venner til å kjøpe seg ei køye. No er dei mellom femten og tjue venner og kjente med hengekøye.

Mathilde Wærstad t.v. og Ragnhild Valstad t.h. Foto: Beate Haugtrø

– Vi har vore ein sju stykker på tur fleire gonger, og det har vore veldig veldig triveleg. Når alle saman har det, så er det så lettvint òg. Det er ein enkel måte å komme ut på, seier Ragnhild.

Mathilde i nabokøya er ei av dei som Ragnhild fekk med seg på bølgen.

– Og Åse fekk i bursdagsgåve i oktober av meg, seier Ragnhild, og ser på den andre venninna, som har komme joggande frå Sognsvann for å seie hei.

– Eg skal vere med, eg lovar, kjem det frå venninna.

Les også: Line har budd i båt sidan ho var 19. – Som å vere på ferie kvar dag.

Tredve netter i friluft siste året

Det siste året har Ragnhild vore på rundt tretti overnattingsturar. Nokre i telt, men dei fleste av dei i hengekøye.

Ragnhild Valstad fekk hengekøye i bursdagsgåve i august, og har sove ute om lag 30 netter siste året.. Foto: Beate Haugtrø

– Det blir ikkje høgfjellsturar, for  ein er avhengig av gode tre å henge opp køyene i. Men det har vorte mange turar på kryss og tvers i marka. Eg har ikkje hatt meir enn ei overnatting foreløpig. Men det planleggast no i sommar da.

–Har de presenning (tarp) og anna ekstrautstyr?

– Ja, myggnettingen skal på snart no.

– Eit godt tips er å hugse å kjøpe oppheng-feste i tillegg, supplerer Mathilde.

Om dei kan velje mellom telt og hengekøye, så vel dei det siste.

– Det er ein enkel måte å sove under open himmel på. Det er jo diggare enn telt, der du vaknar i teltet om morgonen og held på å døy av varme og sveitte. Så kan du vakne i hengekøya i staden for å berre ligge her og nyte frisk luft.

Les også: Forsking slår fast: Naturen kurerer stress

Ned til fem minusgrader

Er det andre ting ein bør hugse på?

– Ein må hugse å ha med seg liggeunderlag, det er veldig veldig viktig når ein søv i hengekøye, uansett kva for temperatur det er. Det blir veldig fort kaldt i rompa om du ikkje har det. Og så må du hugse å ta med tau, og hugse å ta med taua heim frå tur, det er lett å gløyme, informerer Ragnhild.

Og for dei som trudde det berre var ein aktivitet for tropenetter, så kan venninnene avkrefte misforståinga.

– Det er jo best om sommaren, men det har vore ned mot fem minusgrader nokre av nettene. Da er det greitt å ta med ekstra tøy, masse ull og gjerne nokre ullpledd så ein ikkje blir kald. Da går ein heller ikkje så langt. Eit tips der er jo å ta med seg ein lakenpose om ein ikkje har vintersovepose, sånn at ein får eit ekstra lag med luft som varmast opp, seier Ragnhild.